Kvalitetskonferansen

I regi av Program for pasienttryggleik blir det arrangert ein årleg Pasienttryggleiks- og kvalitetsregisterkonferanse. Dette er ein viktig møteplass for alle dei som arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring i Helse Vest.

Kvalitetskonferansen 2017

Kvalitetsprisen

Som ein del av pasienttryggleiks- og kvalitetsregisterkonferansen blir det delt ut ein kvalitetspris​. Prisen går til ein eller fleire personar som gjennom forskingsarbeidet sitt har bidratt til å heve kvaliteten eller pasienttryggleiken på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.

Arbeidet bør støtte opp under Program for pasienttryggleik i Helse Vest. Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er òg aktuelle.

Kven fortener Kvalitetsprisen 2017?

Pris for beste poster

Medarbeidarar eller leiarar i Helse Vest som har gjennomført eit forbetringsprosjekt, kan dele erfaringane sine med andre ved å stille ut ein poster under konferansen.

Beste poster blir premiert med ein pris på 10 000 kroner. Det er deltakerane på konferansen som bestemmer kva poster som er den beste. Vinnaren blir annonsert på konferansen.

Ønskjer du å stille med poster?

Meld inn posteren din til helse@helse-vest.no innan 6. mars 2017. Merk e-posten med «Kvalitetsposter 2017» Bruk gjerne Program for pasienttryggleik sin postermal.

Du trykkjer posteren din sjølv og tar den med på konferansen. Der vil det vere eit eige lokale for posterframvising.