2011: Guttorm Brattebø og Hans Flaatten

Brattebø er heidra med Kvalitetsprisen på grunn av arbeidet med det såkalla BEST-prosjektet, som han var med å starte i 1996. BEST står for ”Bedre og systematisk teamtrening”. Hans Flaatten fekk den andre prisen, som i følgje grunngivinga til komiteen er gitt fordi han gjennom ei årrekkje har stått sentralt i forbetringsarbeidet i Helse Vest.

BEST - Guttorm Brattebø

Målet for prosjektet er blant anna teamsamarbeid, kommunikasjon og leiing av team. I prosjektet er det utvikla ein kursmodell for tverrfagleg trening for personar som høyrer til akutt- og traumeteam ved dei ulike sjukehusa.

Vi har arbeidd målretta med BEST i snart 15 år og det er innarbeidd i den daglege drifta. I Noreg er det no meir enn 5000 personar som har delteke på kurs i regi av BEST, og flest av dei i Helse Vest.

Til sjuande og sist er det pasientane som skal nyte godt av at helsepersonell har lært seg å samarbeide betre og gjere dei rette tinga i rett rekkefølgje og på rett måte, når ulukker eller akutte hendingar er eit faktum, seier Guttorm Brattebø.

Ein pioner innanfor intensivmedisin - Hans Flaatten

Flaatten har vore medforfattar i bøker om kvalitet i intensivmedisinen, som handlar om uønskte hendingar i intensivmedisinen og om organisering og leiing i intensivmedisinen. I tillegg til å ha vore ein pioner i forsking på langtidsresultat av intensivopphald, har han vore ein sentral person  frå starten i 1998, med å byggje opp, drifte og leie Norsk Intensivregister.

Han har vore sterkt med i arbeidet i avviksregistrering i Noreg ved å innføre anonym avviksregistrering ved Haukeland universitetssjukehus si intensivavdeling allereie sidan 1994. Registreringa har ført til mange endringar i lokale prosedyrar og sett sjukehuset i stand til å påverke ustyrsleverandørar til å forbetre produkta sine.

Kvalitetsprisen er på 100 000 kroner, som dei to deler.