2012: Halvor Næss

Overlege Halvor Næss er tildelt Helse Vest sin kvalitetspris for å ha utvikla eit nyskapande register for slagpasientar – med stor effekt for både kvalitet og forsking.

– Tusen takk, eg gler meg spesielt til å fortelje at eg har fått denne prisen til den yngste dottera mi, bukka slagoverlege Halvor Næss då han mottok Kvalitetsprisen for Helse Vest torsdag kveld:

– For eit par år tilbake, då ho nær sagt som vanleg fann meg sitjande å taste på PC-en i sofaen, spurte ho meg ”er dette hobbyen din?”. Så small ho til: ”GET A LIFE!”

Inspirasjonskjelde​

I grunngivinga for å gi Næss kvalitetsprisen, brukar juryen ord som ”drivkraft” og ”inspirasjonskjelde”. Som overlege ved nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus oppretta Næss i 2006 eit nyskapande register for slagpasientar. Sidan har Næss drifta og vidareutvikla NorStroke, til å levere datamateriale til både kvalitetsarbeid og forsking. Sjølv er hovudpersonen forbløffa over resultatet:

–​ Målet mitt med å opprette databasen var å få halde fram med slagforskinga frå doktorgraden, men det viste seg raskt at registeret også ga informasjon til å auke kvaliteten på mange område innanfor slagbehandlinga.