2013: TIPS-gruppa

TIPS-gruppa (Tidlig intervensjon ved psykose) ved psykiatrisk divisjon, Stavanger universitetssjukehus, er tildelt Helse Vest sin kvalitetspris for 2013. Dei tre som tok imot prisen på vegner av TIPS-gruppa under den årlege Kvalitetskonferansen, var oppdagingsteamleiar Robert Jørgensen, sjefslege Jan Olav Johannessen, dagleg leiar av TIPS, Inge Joa og professor Tor Ketil Larsen.

Frå forsking til praksis

TIPS starta som eit forskingsprosjekt i 1996. Gjennom arbeidet i TIPS-studien har stavangermiljøet vist at det er mogleg å organisere helsetenesta på ein slik måte at tidlig intervensjon ved psykose kan gjennomførast.

I dag er det etablert som ein ordinær teneste ved psykiatrisk divisjon med poliklinisk arbeid og ein eigen sengepost for dei som blir lagde inn for første gong.

To faktorar har vært utslagsgivande for dei gode resultata: Ein brei informasjonskampanje om tidlege teikn på psykose og kor ein kan søke hjelp, og eit tidlig oppdagingsteam med lav terskel for å rykkje ut.

Tidleg oppdagingsteamet prøver også å møte folk, og da særleg ungdommar, der dei oppheld seg. Dei sit, blant anna, ein dag i veka på Metropolis, ungdommens eige hus i sentrum av Stavanger.

Samrøystes innstilling av TIPS

Ein samla komité innstilte TIPS-gruppa til Kvalitetsprisen 2013. «Gruppa har i ei årrekkje vist eit sterkt engasjement og evne til å fornye eiga verksemd for å betre kvaliteten på tenestene, og dei har i fleire omgangar endra og forbetra organiseringa av klinisk virke til det best for pasientane – heile tida mens dei har samla gode kvalitetsindikatorar for å måle og dokumentere forbetringane», skriv komiteen i si grunngiving.