2014: Nevro-senteret ved Martin Kurz

Nevro-senteret ved Stavanger universitetssjukehus v/seksjonsoverlege Martin Kurz er tildelt Helse Vest sin Pasienttryggleikspris 2014 for arbeidet sitt med å skape eit saumlaust pasientforløp for pasientar med hjerneslag.

Kvart år blir omlag 16.000 nordmenn ramma av hjerneslag. Hjerneslag fører ofte til invaliditet og til at pasientar hamnar på sjukeheim. Eit hjerneslag rammar ofte utan forvarsel og straks begynner celler i hjernen å døy.

For å oppnå eit godt resultat er det avgjerande at hjerneslagpasientar​ får behandling så raskt som mogleg. På sjukehuset blir det tatt forskjellige metodar i bruk  for å opne blodtilførselen til hjernen.

Nytt pasientforløp skal redde liv

Etter initiativ frå Nevro-senteret ved seksjonsoverlege Martin Kurz, er det blitt utvikla eit pasientforløp som kutter tida frå AMK er varsla til innlegging i sjukehus og til behandlingsstart.

Heile behandlingskjeda har i fleire år blitt systematisk gjennomgått og forbetra. Behandling med blodproppoppløysande medisin (trombolyse) gis nå raskast mulig etter ankomst på sjukehus – altså i akuttmottaket eller på CT. I tillegg er det innført ein ny behandlingsmetode for dei mest alvorlige tilfella av hjerneslag, der ein mekanisk fjernar blodproppen i hjernen (nevrointervensjon).

Målbare resultat

–​ Arbeidet har ført til målbare resultat; fleire pasientar med hjerneslag får akutt behandling med trombolyse eller nevrointervensjon, og behandlinga blir gitt raskare etter at pasienten er lagt inn. Det er veldig kjekt å sjå at arbeidet så tydeleg kjem pasientane til gode, seier Kurz.

S​​amrøystes innstilling

Ein samla komité innstilte Nevro-senteret til Pasienttryggleiksprisen 2014. «Det er et svært godt eksempel på det ønskelige og det mulige i å dokumentere effektene av tiltak for å bedre kvalitet og pasientsikkerhet, slik at kunnskap om effektive tiltak også kan komme andre til gode.», skriv komiteen om dette i si grunngjeving.

Pasienttryggleiksprisen (tidligare Kvalitetsprisen) blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest, eller i verksemder som har avtale med Helse Vest RHF.