2015: Arvid Haugen

Arvid Haugen, fagsjef i sjukepleie ved Kirurgisk serviceklinikk ved Haukeland universitetssjukehus er tildelt Helse Vest sin Pasienttryggleikspris 2015. Han får prisen for arbeidet med å vise effekten sjekklista for trygg kirurgi har på liggjetid, komplikasjonar og dødelegheit ved sjukehus i Helse Vest.

Ei forskingsgruppe, med Haugen i spissen, har forska på bruken av Verdas helseorganisasjon si sjekkliste for trygg kirurgi, sidan Helse Bergen tok ho i bruk i 2009.

Lista er enkel, og skal sikre at tryggleikstiltak som allereie er dokumentert at har effekt, blir gjennomførte i praksis ved kvar einaste operasjon.

Resultata er oppsiktsvekkjande og viser at bruk av sjekkliste før, under og etter operasjon ga 42 prosent færre komplikasjonar og nær eitt døgn kortare liggetid.

Internasjonal merksemd

Resultata blei publiserte i Annals of Surgery i fjor, og har hausta internasjonal merksemd på leiarplass i det same tidsskriftet. Her blir den sterke metodiske tilnærminga og kor grundig implementeringsarbeidet er dokumentert, spesielt trekt fram. Arbeidet blir karakterisert som den mest robuste studien av «sjekklista for trygg kirurgi» til no.

Samrøystes innstilling

Ein samla komité innstilte Arvid Haugen som årets prisvinnar. Komiteen trekkjer fram at studien er gjort med den beste vitskapelige metodikken som er tilgjengeleg og at resultata er eit vesentlig bidrag til å dokumentere effekten av sjekklister.

Pasienttryggleiksprisen blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest, eller i verksemder som har avtale med Helse Vest RHF. Prisen skal tildelast fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar som gjennom forskings- og utviklingsarbeidet sitt har forbetra kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Resultata skal vere dokumenterte og publiserte i fagtidsskrift eller i vitskapelige tidsskrift.