2016: Miriam Hartveit og Christian Beisland

Helse Vest sin Kvalitetspris gjekk i år til Miriam Hartveit ved Valen sjukehus i Helse Fonna og Christian Beisland og nyrekreftmiljøet i og rundt avdeling for urologi ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen.

Miriam Hartveit fekk prisen for sitt årelange arbeid med å betre samhandlinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern. Ho deler prisen med Christian Beisland og nyrekreftmiljøet i og rundt avdeling for urologi ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen, for arbeidet med å innføre eit kontrollprogram for pasientar som er behandla for nyrekreft.

Grunngiving av prisen til Miriam Hartveit:

Hartveit har arbeidd med forbetring av samhandling. Doktorgradsavhandlinga hennar “Bridging the Gap between Primary Care and Specialized Mental Health Care. A mixed method study of the quality of referral information and the referral letters’ potential impact on quality of care” dokumenterer at kvaliteten på tilvisinga har betyding for kvaliteten i og effekten av behandlinga som blir gitt i spesialisthelsetenesta. Problema ho tek opp er klart beskrivne, og resultata som er oppnådd, er dokumentert i fleire publiserte artiklar.

– Det å få denne prisen er ei stor annerkjenning som for meg henger svært høgt. Særlig med tanke på kor mykje bra og systematisk forbetringsarbeid som skjer rundt om i helseføretaka. Arbeidet mitt med å dokumentere kor viktig kvaliteten på tilvisinga frå fastlege til sjukehus er, er ein viktig føresetnad for vidare forbetringsarbeid.

Vi må halde fram med å utvikle informasjonsutvekslinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta, også innanfor somatikk. Og så må vi nok snu spegelen og sjå på kvaliteten på epikrisa også – altså den informasjonen som går i frå sjukehuset og tilbake til fastlegen. Her er det nok òg eit stort forbetringspotensial, seier Hartveit.

Grunngiving av prisen til Christian Beisland og nyrekreftmiljøet:

Christian Beisland og nyrekreftmiljøet i og rundt avdeling for urologi ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen, har innført eit kontrollprogram som deler pasientar som er kurativt behandla for nyrekreft inn i tre risikogrupper og definerer oppfølgingstiltak for desse.

Modellen har vist seg å skilje godt mellom risikogruppene og programmet ser ut til å fange opp fleire av dei pasientane som får tilbakefall på eit tidligare stadium enn før. Resultata som er oppnådde, er dokumenterte i fleire publiserte artiklar.

– Det at dette arbeidet blir verdsett på denne måten er veldig hyggelig og ei stor annerkjenning for meg og heile nyrekreftmiljøet. Det er viktig å fange opp tilbakefall hos kreftpasientar så tidleg som mogleg, mens det framleis er mogleg å gi behandling. Dette blir viktigare og viktigare no når vi har fått nye behandlingsmetodar ved spreidd sjukdom.

I tillegg betyr det at pasientar som har hatt kreft får betre oppfølging i form av at dei pasientgruppene som ikkje treng så tett oppfølging slepp å komme til unødvendige kontrollar, mens dei pasientgruppene som verkeleg treng det, vil få fleire kontrollar, seier Beisland.

Kvalitetsprisane var på 50 000 kroner til kvar. Prisen blei delt ut på H​else Vest sin Pasienttryggleiks- og kvalitetsregisterkonferanse i Stavanger 31. mai 2016.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.