Pasienttryggleikskultur

Eit av måla til program for pasienttryggleik i Helse Vest, og for programmet nasjonalt, er å forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta.

Pasienttryggleikskulturen seier noko om i kva grad haldningane og handlingane til medarbeidarar og leiarar er prega av rutinar og prioriteringar som bidreg til å førebyggje uønsktehendingar og pasientskader. God tryggleikskultur gir god behandling.

Pasienttryggleikskulturundersøkinga 2014

For to år sidan blei den første pasienttryggleikskulturundersøkinga gjennomført ved alle sjukehusa i landet. I Helse Vest gjennomfører vi ei tilsvarande undersøking i mars - april 2014. Undersøkinga blir sendt ut på e-post til alle medarbeidarane i helseføretaka og tek om lag 10 minutt å svare på.

Resultata vil bli analyserte på post/poloklinikknivå og vil nytta i forbetringsarbeid. Einingar med færre enn 20 tilsette vil ikkje bli analysert separat, men analysert på eit organisasjonsnivå høgre opp. Det skal ikkje vere mogleg å knyte innspela tilbake til den enkelte.

Målet med undersøkinga er å finne ut:

  • i kva grad behandlingseiningane har fokus på og prioriterer pasienttryggleiksarbeid
  • i kva grad tiltaka som er gjennomførte i 2012, har hatt effekt
  • kvar vi framleis har ein jobb å gjere

For å kartleggje medarbeidarane sine oppfatningar av pasienttryggleikskulturen i organisasjonen er det utvikla eit eige spørjeskjema. Vi spørr blant anna om korleis medarbeidarane opplever at uønskte hendingar og forhold som kan gi pasientskader blir handterte og snakka om på arbeidsplassen. Vi spør også om korleis dei oppfattar at leiinga prioriterer å legg til rette for trygg pasientbehandling.

Kven er målgruppa?

Målgruppa for undersøkinga er medarbeidarar ved einingar som har direkte pasientkontakt i helseføretaka i Helse Vest og i private institusjonar med avtale med det regionale helseføretaket. Dei som jobbar under 30 prosent skal ikkje delta i undersøkinga.

Kvifor svare?

For medarbeidarar er dette ein god moglegheit til å peike på forbetringsmoglegheiter i system og rutinar og dermed bidra til tryggare og betre behandling for pasientane.

For leiarar gir svara i undersøkinga eit tydelig bilete av pasienttryggleikskulturen i avdelinga og vil bli nytta i forbetringsarbeid.

Du må seie frå for at sjukehuset skal bli betre!

Vi håper så mange som mogleg bruker denne anledninga til å styrkje pasienttryggleiksarbeidet i sjukehusa ytterligare. For å kunne bruke resultatet frå pasienttryggleikskulturundersøkinga i forbetringsarbeid, treng vi ein svarprosent på minst 70!

Ønskjer du meir informasjon om Pasienttryggleikskulturundersøkinga?
Kontaktperson for undersøkinga i ditt føretak er:

Helse Førde: Kari Furevik og Anne Hellebust
Helse Bergen: Anne Dalheim og Torhild N. Vedeler
Helse Fonna: Tomas Jonson og Stein Trygve Høyer
Helse Stavanger: Kristin Skårdal

Informasjonsmateriell