Såkornmidlar

Har du ein idé til eit forbetringsprosjekt? Helse Vest deler kvart år ut midlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleiksarbeid og kvalitetsutvikling i regionen.

​​​​​Midlane blir delte ut til lokale initiativ som er forankra i helseføretaka og i private, ideelle institusjonar i Helse Vest. Formålet med prosjekta skal vere å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Helse Vest delte ut 3,1 millionar kroner i såkornmidlar i 2017.

Desse fekk såkornmidlar i 2017

Søkje om såkornmidlar?

Såkornmidlane blir tildelte på grunnlag av søknad til Helse Vest. Kvart helseføretak/institusjon sender inn ein samla søknad til Helse Vest der føretaket har prioritert mellom prosjekta. Helse Vest vil sjå på søknadene frå dei private, ideelle institusjonane samla og prioritere mellom prosjekta.

Fristen for å sende inn søknadar til Helse Vest er 20. februar 2017. Merk att ditt føretak kan ha lokale fristar for innlevering av søknadd for å nå den regionale fristen.

Det kan søkjast om midlar til alle typar kvalitetsutviklingsprosjekt. Prosjekt som vil kunne søkje om forskingsmidlar vil ikkje bli omfatta av tildelinga av kvalitetsutviklingsmidlar/”såkornmidlar”.​

Kriterium for tildeling

Søknadsskjema

Ta kontakt med din lokale pasienttryggleikskoordinator for rettleiing i utfylling av søknadsskjemaet.

Kontaktpersonar for såkornmidlar i helseføretaka:

Helse Stavanger: Karin Merete Jensvold

Helse Fonna: Elisabeth Huseby

Helse Bergen: Anne-Mette Espe

Helse Førde: Kari Holvik Furevik

Haraldsplass/ private, ideelle: Ingeborg Kaldefoss Fauskanger

Tilbod om deltaking på forbetringsagentutdanning

Nytt frå 2017 av er at prosjektleiarar for prosjekt som er tildelte såkornmidlar får tilbod om plass på Helse Vest si forbetringssutdanning i forbetringsmetodikk.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal du kunne sette i verk, gjennomføre og leie kliniske forbetringsprosjekt, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande. Utdanninga går over 10 månader, og består av tre samlingar, telefonkonferansar og individuell rettleiing og rådgiving. Utdanninga er praktisk orientert, og deltakarane skal jobbe med forbetringsprosjektet sitt parallelt med utdanninga.

Regional forbetringsutdanning


Tidlegare tildelingar

  • 2017: 16 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2016: 17 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2015: 21 prosjekt fekk tilsaman 3,1 millionar kroner
  • 2014: 24 prosjekt fekk til saman 3,6 millionar kroner
  • 2013: 25 prosjekt fekk til saman 3,5 millionar kroner
  • 2012: 33 prosjekt fekk til saman 4,3 millionar kroner
  • 2011: 36 prosjekt fekk til saman 4,5 millionar kroner
  • 2010: 30 prosjekt fekk til saman 3,5 millionar kroner
  • 2009: 29 prosjekt fekk til saman 3,6 millionar kroner
  • 2008: 28 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2007: 17 prosjekt fekk til saman 2 millionar kroner

Alle tildelte såkornprosjekt

Frå og med 2017

Frå 2007 til og med 2016 (arkiv)

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.