Forbetringskunnskap

For å nå målet om å etablere varige strukturar for pasienttryggleik, er det nødvendig med auka kjennskap til forbetringsteori og kompetanse i forbetringsmetodikk i sjukehusa.

emblem forbetringskunnskap

Det er viktig at leiarar og medarbeidarar i sjukehusa har kunnskap om korleis dei kan påverke til endring, spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring.

Det finnst ei rekkje utdanningstilbod, både regionale og nasjonale, som skal gi implementeringsstøtte og rettleiing for å bidra til at resultata vedvarar.

Forbetringsutdanning, I trygge hender

Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet tilbyr årleg plassar til Nordisk forbedringsagentutdannelse, har e-læringskurs og moglegheit til å delta i opplæringsprogram i Skottland.

Forbetringsutdanning, I trygge hender

Regional forbetringsutdanning i forbetringsmetodikk

banner forbetringsutdanning

Den regionale forbetringsutdanninga i forbetringsmetodikk byggjer på The Improvement Advisor Professional Development program frå Institute for Healthcare Improvement (IHI) i USA og Nordisk forbedringsagentutdannelse frå Dansk selskab for pasientsikkerhet/Helsedirektoratet.

Målgruppa for forbetringsutdanninga er helsepersonell som ønskjer å gjennomføre eit klinisk forbetringsarbeid. Etter å ha gjennomført utdanninga skal du kunne sette i verk, gjennomføre og leie kliniske forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande.

Det er tilsaman 25 plassar på utdanninga. Kandidatar som har fått såkornmidlar frå Helse Vest i 2017 fekk føregangsrett.

Meir informasjon og søknadsskjema

Leiarseminar i forbetringsmetodikk

Program for pasienttryggleik i Helse Vest inviterer mellomleiarar (nivå 3 og 4, funksjonsleiar eller fagutviklingsjukepleiar) til seminar om pasienttryggleik og forbetringsmetodikk.

Tema er forventingar til linjeleiing og implementering av pasienttryggleikstiltak. Etter å ha delteke på seminaret skal deltakerane ha god forståing for ansvaret ein som leiar har for pasienttryggleik, grunnleggjande kunnskap om forbetringsmetodikk og implementering og kjennskap til arbeidet som blir gjort i Program for pasienttryggleik i Helse Vest.

Første Leiarseminar blei arrangert 8. juni 2017 på Clarion Hotel Flesland i Bergen. Målet er å køyre fleire slike seminar i løpet av hausten og våren 2018, slik at flest mogleg av mellomleiarane i føretaksgruppa har fått denne basiskunnskåpen i forbetringsmetodikk.

Ønskjer du å delta? Neste leiarseminar er planlagt 6. desember 2017.

Program og presentasjonar frå samlinga 8. juni 2017

0900-0915: Velkommen og kort introduksjon av program for pasienttryggleik v/Synnøve Serigstad, Leiar for Program for pasienttryggleik i Helse Vest.

0915-0950: Korleis løyser vi linjeansvaret i Helse Bergen? v/Clara Gjesdal, Viseadministrerande direktør i Helse Bergen.

09.50-10.00: Beinstrekk 

10.00-11.30: Krasjkurs i forbedringsmetodikk v/Synnøve Serigstad, Leiar for Program for pasienttryggleik i Helse Vest.

11.30-12.15: Lunsj 

12.15-12.45: Korleis kan vi klare å implementere forbetringar? v/Anne Mette Koch, Førsteamanuensis, Høgskulen på vestlandet. 

12.45-13.15: Kva skal leiarar gjere  for å akselerere pasienttryggleiksarbeidet i helseføretaka? v/Inger Cathrine Bryne, Administrerande direktør i Helse Stavanger.

13.15-13.30: Beinstrekk

13.30-15.30: Implementing Patient Safety v/Nick Sevdalis, Professor of Implementation Science & Patient Safety, King’s College, London.

Fagstoff

På nettsida til det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet I trygge hender 24/7 er det samla mykje godt fagstoff. Du finn også mykje god informasjon på nettstaden til Institute for Healthcare improvement, IHI.

Forbetringskunnskap

Institute for Healthcare Improvement, IHI

Implementering av kunnskapsbasert praksis

Det er utvikla standardiserte, kunnskapsbaserte retningslinjer innanfor sjukepleiarfaget som er tilgjengelege for bruk i alle sjukehusa. Retningslinjene har blitt publisert i Elektronisk kvalitetshandbok, og i Helsehåndboka i Helsebiblioteket.