GTT-måling

Eit av hovudmåla til det nasjonale og regionale pasienttryggleiksprogrammet er å redusere talet på pasientskadar. For å vite om målet nås, blir det gjort kartleggingar av eit utval pasientjournalar ved alle norske sjukehus.

​Alle helseføretak måler pasientskader med same, standardiserte metode, Global Trigger Tool (GTT). Hensikta er å føglje eigne forbetringar over tid.

Det er resultatet frå GTT-målingane som har vore utgangspunktet for val av innsatsområde i både det nasjonale og regionale pasienttryggleiksprogrammet.

Ved systematisk gransking av journalar for pasientar som var innlagde ved sjukehusa i Helse Vest i 2010, blei det funne at pasientane var utsatte for minst ein skade ved 14 prosent av alle utskrivingar. På landsbasis var talet 16 prosent. I 2012 var dette talet redusert til 12 prosent for Helse Vest, og 14 prosent på landsbasis.

Du kan lese meir om dei nasjonale GTT-målingane på nettsida til det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet, I trygge hender 24/7.

Regional gransking av pasientskadar

Som del av GTT- målingane er det i perioden 2011-2013  granska til saman 5040 journalar i Helse Vest. Av desse journalane er det funne 51 alvorlege pasientskadar. Journalane er henta frå alle føretaka i Helse Vest, i tillegg til Haraldsplass diakonale sjukehus.

I eit regionalt prosjekt har Helse Vest sett nærmare på desse 51 journalane. Målet var å identifisere faktorar som førte til alvorlege pasientskader, og å analysere desse slik at ein i neste omgang kan sjå nærmare på moglege tiltak som kan hindre at slike skadar skjer.