Hastegradsvurdering

For å sikre at pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp blir vurderte og prioriterte på ein lik måte, er det innført eit felles standardisert vurderings- og prioriteringsverktøy (SATS Norge) i Helse Vest.

hastegradsvrudering SATS

Pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp møter ulike instansar i den akuttmedisinske kjeda. Vurderingane etter SATS Norge gir pasientane ein hastegrad, som angir pasienten sin alvorlegheitsgrad og skal sikre at pasientane får rett ressurs til rett tid på rett sted.

Ei standardisert tilnærming sikrer at helsepersonell i dei ulike delane av kjeda «snakkar same språk»,  og får betre får oversikt over øyeblikket og utviklinga i pasienten sin tilstand.

Vurdering og prioritering av pasientar blir ofte omtalt som «triage».

emblem hastegradsvrudering

Innføring av SATS Norge i ambulansetenestene og akuttmottaka

​Vurderings- og prioriteringsverktøyet SATS Norge blei innført i akuttmottaka ved Haukeland Universitetssjukehus, Voss sjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus i 2013.

I regi av program for pasienttryggleik i Helse Vest er innføring av SATS Norge i alle akuttmottaka og ambulansar, vald som eit innsatsområde for å redusere talet på pasientskadar.

I løpet av hausten 2015/vinteren 2016 blei SATS Norge tatt i bruk i alle akuttmottaka og ambulansetenesta i Helse Vest. Nokre legevaktar i Helse Vest sitt «nedslagsfelt» har òg tatt i bruk SATS Norge.

SATS Norge er ein modifisert versjon av det sør-afrikanske triageverktøyet SATS (South African Triage Scale). Helse Bergen fikk tillatelse frå EMSSA (Emergency Medicine Society of South Africa) til å modifisere «triage» verktøyet til lokale forhold.

Slik brukes SATS Norge

Alle pasientar som blir vurderte og prioriterte etter SATS Norge får ein hastegrad, som angir kor raskt pasienten bør tilsjåast av lege i akuttmottak/legevakt. Hastegraden er retningsgivande for kor raskt pasientane har behov for hjelp/tiltak.

Dei ulike hastegradane er raud (1), orange (2), gul (3), grøn (4) og blå (5), der raud er høgaste hastegrad som angir at pasienten er akutt kritisk sjuk/skadd og blå hastegrad angir symptom/tilstandar der det ikkje er behovskåring av vitale parametere (TEWS).

SATS Norge består av 3 delar som skal vurderast:

1. Klinisk prioritetsliste. Består av ulike symptom og tilstandar som kan gi hastegrad raud, orange eller gul. Nokre av symptoma/tilstandane har ein tallverdi som viser til fotnoter som gir nærmare informasjon om symptomet/tilstanden.

2. TEWS (Triage Early Warning Score). Tabell for skåring av vitale parameter.

3. Klinisk skjønn. Situasjonar der helsepersonell ut frå ei heilheitsvurdering bruker sitt kliniske skjønn/kunnskap til å oppgradere pasienten sin hastegrad.

Hastegraden blir satt basert på den høgaste hastegraden (Prioritetsliste, TEWS eller klinisk skjønn).

SATS Norge er utvikla for både barn og vaksne og er inndelt slik:

  • Barn 0 – 14 år (med ulike TEWS etter alderen på banet)
  • Vaksne, barn frå og med fylte 14 år, samt alle gravide uansett alder.

Verktøyet skal vere ei god støtte for avgjerdsler for ambulansearbeidarar, sjukepleiarar og legar, og ei hjelp til å sikre at pasientane får rett ressurs - til rett tid -  på rett stad.

Måling av resultat

For å kunne vurdere effekten av innføringa av felles vurderings- og prioriteringsverktøy i Helse Vest, blei det gjennomført ei nullmåling i ambulansetenesta og akuttmottaka, før verktøyet blei teke i bruk. Det er eit pågåande arbeid med å evaluere bruken av SATS Norge både i akuttmottaka og ambulansetjenesta.

I evalueringa ser ein på:

  • Talet på pasientar får ein hastegrad
  • Talet på pasientar med dei ulike hastegradane
  • Tid frå pasienten kjem til akuttmottak til det blir satt ein hastegrad
  • Tid frå pasienten kjem til akuttmottak til fått sjukepleiar
  • Tid frå pasienten kjem til akuttmottak til fått lege
  • Hastegrad i ambulanse og akuttmottak for pasientar utskrivne med sepsisdiagnose
  • Tid frå pasienten kjem til akuttmottak til første dose antibiotika er gitt for pasientar innlagde med mistenkt alvorleg infeksjon/sepsis
  • Talet på pasientar som får målt vitale parameter

Evalueringsrapportane frå helseføretaka er ikkje klare per november 2016.

Regionale kvalitetsindikatorar

Det er utarbedd regionale kvalitetsindikatorar som blei vedtekne på det regionale fagdirektørmøtet i oktober 2016.

  • Kvalitetsindikator 1: Sepsis – tid frå ankomst til oppstart av antibiotika

  • Kvalitetsindikator 2: Pasientar med sepsis med hastegrad 1 (raud) og 2 (orange) i akuttmottak

  • Kvalitetsindikator 3: Samanfall i hastegrad i ambulanse og akuttmottak

  • Kvalitetsindikator 4: Mortalitet; hastegrad ved ankomst akuttmottak på pasientar som døyr innan 24 timar.

  • Kvalitetsindikator 5: Tid frå pasienten kjem til akuttmottak til legetilsyn i henhold til hastegrad i SATS Norge.

  • Kvalitetsindikator 6: Talet på pasientar med vurdering (hastegrad) etter SATS Norge i ambulansetenesta.

I første omgang er det beslutta å ta i bruk kvalitetsindikator 1 – 3.

Brukerrettleiing

SATS Norge brukarrettleiing 3.2

SATS Norge oppgåvehefte 3.0

Opplæring

Det er utarbedd informasjonsmateriel til bruk i undervising (ppt-mal) og oppdatert e-læringskurs for ambulansearbeidarar og for alle sjukepleiarar i akuttmottak, er under utarbeiding. Kurset vil vere tilgjengeleg via Læringsportalen.

Kunnskapsgrunnlag

Evalueringsrapport fra Helse Bergen.

Triage och flödesprocesser på akutmottagningen, SBU rapport 2010
 
JAMA – sepsis. “The third international Consensus Definitions for Sepsis and Septic Shock (Sepsis-3)
 
SATS Sør Afrika

Kontakt

Regional kontaktperson

Heidi S. Brevik

Telefon: +47 55 97 25 28/ + 47 911 43 819


Lokale kontaktpersoner
Helse Bergen:

Merete Eide Hernes

Telefon: + 47 922 10 253

Helse Førde:

Tom Ole Dyrstad

Telefon: +47 57839008/ +47 41530514

Helse Fonna:

Britt Johanne Rikstad Myklevoll

Telefon: +47 53491029/ +47 48104894

Helse Stavanger

Aslaug Skauen

Telefon: +47  95241899

Haraldsplass Diakonale sykehus

Kari Estensen

Telefon: +47 55979040/ +47 98453712

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.