Kriterium for tildeling av såkornprosjekt

For 2015 er det sett av om lag 3,1 millionar kroner i såkornmidlar til lokale i forbetringstiltak i liten skala. Målet er å stimulere til kvalitetsutvikling i helseføretaka.

​Kriterium for tildeling av såkornmidlar​

  • Prosjekta skal knytast til måla i Program for pasienttryggleik i Helse Vest.
  • Prosjekta skal nytte ei metodisk tilnærming for systematisk kvalitetsutvikling, som for eksempel forbetringsmodellen.
  • Prosjekta må gjere greie for korleis effekten av tiltaka skal målast.
  • Prosjekta skal vere tidsavgrensa og moglege å realisere innanfor den økonomiske ramma det er søkt om.
  • Erfaringar frå prosjekta skal kunne nyttast av alle føretak/sjukehus/institusjonar i regionen.
  • Prosjekta skal som hovudregel ha med brukarrepresentant og brukarperspektivet vil bli vektlagt.
  • Prosjekta må ha leiarforankring.

Praktiske bestemmingar

  • Prosjektperioden er omlag 1 ½ år. Ubrukte midlar skal betalast tilbake og kan bare unntaksvis overførast til neste år etter særskilt grunngiven søknad til Helse Vest. Søknadar om overføring av midlar vil bli lagt fram for fagdirektørmøtet i Helse Vest, og må sendast til Helse Vest seinast november året etter tildeling.
  • Prosjektleiar bør ha kunnskap om forbetringsarbeid. For dei som ikkje har slik kunnskap vil det bli tilbydd intern opplæring i føretaka, regionale kurs i forbetringsarbeid og prosjektleiarkurs i regi av Helse Vest.
  • Helseføretaka skal følgje opp prosjekta undervegs i perioden og ved behov tilby rettleiing i kvalitetsforbetringsmetodikk.
  • Det kan blir stilt krav om rapportering undervegs.
  • Kortfatta sluttrapportar inkludert rekneskapsrapport og presentasjon i postermal frå alle såkornprosjekta (i eigen rapporteringsmal) skal leverast til Helse Vest RHF samla frå kvart helseføretak/privat institusjon innan 15. januar omlag 1,5 år etter tildeling.

    Sluttrapportane skal kvalitetssikrast av helseføretaka før innsending til Helse Vest. Posterpresentasjonar på Pasienttryggleikskonferansen vil bli etterspurt, og sluttrapportar inkludert posterpresentasjon vil blir gjort tilgjengelege for medarbeidarar og leiarar i og utanfor Helse Vest og for offentlegheita.

Om søknaden

  • Søknaden skal skrivast i eige skjema for dette.
  • Det kan ikkje søkjast om midlar til forskingsprosjekt, utprøvande behandling, finansiering av ordinære oppgåver i verksemdene, eller til investering i utstyr.
  • Det kan ikkje søkjast om meir enn 225 000 kroner per prosjekt. Det skal setjast av pengar til reisegodtgjersle, møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste for brukarmedverknad, inntil 25 000 kroner.
  • Helseføretaka skal sende inn søknadane samla og i prioritert rekkefølgje innan fristen. Helseføretaka skal bare sende inn søknadar som dei stiller seg bak.

Tildeling

  • Fagdirektør i Helse Vest og sekretariatet for Program for pasienttryggleik i Helse Vest vurderer og innstiller søknadane. Fagdirektørmøtet tildeler midlane.
  • Kriteria for søknad om såkornmidlar skal vere oppfylte.
  • Prosjekta skal knytast til måla i Program for pasienttryggleik i Helse Vest.
  • Dei ulike delane av tenesta (m.a. psykisk helsevern, TSB, habilitering/rehabilitering, læring og meistring) skal dekkjast inn så langt som mogleg.
  • I tildelinga vil Helse Vest ta utgangspunkt i prioriteringsrekkefølgja til helseføretaka. Helseføretaka sine prioriteringar kan bli endra i tildelinga ut i frå eit regionalt heilskapsperspektiv.​