Når du opprettar denne rolla på ein pasient, vil pasienten ha moglegheit til å kontakte deg via sikker melding på helsenorge.no, uavhengig om pasienten er i eit pasientforløp og har ein timeavtale på sjukehuset. Rolla kan når som helst avsluttast.


Det er namn, stillingstittel, avdeling og føretak som vil visast for pasienten. I tillegg har du moglegheit til å føre opp telefonnummer om du ønskjer det.
Informasjonen vil visast for pasienten under flisa «Helsekontakter» på helsenorge.no
Det kan vere fleire aktuelle bruksområde for den nye rolla
- Du har behov for å erstatte bruk av e-post med ein sikker kommunikasjonskanal, som blir journalført.
- Du har behov for å kommunisere med pasientar som er høyrselshemma eller som har andre utfordringar med munnleg kommunikasjon.
- Du har behov for å gi pasientar og/eller pårørande med fullmakt ein tilgjengeleg dialogkanal uavhengig av kor dei er i eit pasientforløp.
Kriterium for å inneha rolla «Pasientdialog helsenorge.no» i DIPS
- Du må ha brukarrolle med tilknytt rekvirent med bruksområde rekvirent
- Du må ha privat arbeidsgruppe i DIPS
- Du må ha skrivetilgang til journalgruppe «[…) Korrespondanse pasient»
Meir informasjon
Brukardokumentasjon for «Helsekontaktar»
Regional rutine for å «Registrere rolle overfor pasient (F5-bildet – Pasientopplysningar)»
Av:
Tove Sæther Hagland, Helse Vest RHF