Eit spennande 2018 for Alle møter

– Vi styrer etter mål som er i bevegelse, seier programleiar for Alle møter, Finn Olav Mjærum. Han ser tilbake på året som gjekk og ønskjer det nye vel møtt. Og takkar for innsatsen mens han drar ein parallell til US Marines.

​– Først og fremst vil eg takke alle involverte i programmet og prosjekta for innsatsen som har vore lagt i 2018, det er eg svært takknemleg for, seier programleiar for Alle møter, Finn Olav Mjærum.

Han seier det har vore eit spennande år i Alle møter-samanheng.

– Vi har jobba mykje med å få satt i gang nye løysingar for å digitalisere arbeidsprosessar i sjukehusa og i samhandlinga med pasientane, seier Mjærum.

Mål i stadig bevegelse

Han peikar på arbeidet med Vel møtt-prosjekta «Innsjekk og betaling», «Finne fram» og «Pasientflyt og ressursar» som særleg spennande – tre prosjekt som samla og i stort handlar om å skape det gode møtet med sjukehuset for pasienter og pårørande.

Portrettbilde Finn Olav Mjærum. Foto.

I desember starta «Finne fram» og «Pasientflyt og ressursar» i liten skala med å prøve ut dei nye løysingane i dagleg drift i høvesvis Helse Bergen og på Haraldsplass.

– Det som har gjort det kanskje ekstra krevjande, er at vi starta med eit bilde av korleis vi ville ha det, og så ser vi jo at både teknologien og vår kunnskap i programmet om den har betra seg undervegs.

– Vi styrer mot mål som er i stadig bevegelse. Då vi starta arbeidet med «Innsjekk og betaling» for eksempel, var det jo betalingsautomatar og -kioskar som var det store, mens det no er nesten ute. No er det betaling på mobiltelefonen som er «tingen».

«Semper Flexsibilis»

Med mål som stadig rører på seg og stadig nye teknolgiske føresetnader å førehalde seg til, trekk Mjærum særleg fram ein eigenskap han tenkjer er viktig å ha med seg i Alle møter-arbeidet. Og drar samtidig ein parallell til ei amerikansk forsvarsgrein.

– US Marines har jo «Semper Flexsibilis», alltid fleksibel, som eitt av sine slagord. Og i Alle møter-programmet har vi jo kanskje utfordra og «pusha» grensene, samtidig som landskapen vi rører oss i endrar seg undervegs. Difor trur eg det å vere «alltid fleksibel» både er og blir ein viktig eigenskap framover også for oss.

På samme lag

Mjærum opplever at prosjekta i Alle møter blir tatt god imot i sjukehusa, iallfall hos dei som har blitt kjent med dei nye løysingane og jobba for å ta dei i bruk.

– Det som har vore kjekt i 2018 er å oppleve ei større forståing for heilskapen i Vel møtt-prosjekta. «Innsjekk og betaling» ville alle ha frå starten av, mens færre gjerne forstod kva som låg i «Finne fram» og «Pasientflyt og ressursar». Etter kvart har vi i programmet blitt betre til å formidle kva som ligg i løysingane og samanhengane mellom dei, og no opplever vi stor etterspurnad etter alle løysingane.

Møter også på utfordringar

Programleiaren legg ikkje skjul på at 2018 også har bydd på utfordringar.

– I den store konteksten vil Alle møter - som mange andre - veldig mykje, og det er jo bra. Men så er det ikkje nok folk, midlar og tid til alt, så vi må prioritere hardt og gjere ei tøff sortering med tanke på kva vi kan få til. Dette er sjølvsagt ikkje noko vi er åleine om å kjenne på.

– Av enkeltprosjekt har nok «Open linje» kanskje vore vanskelegast å få fotfeste for, men no ser det ut som det løsnar også her. Helse Fonna har jo gjort mykje godt arbeid.

«Open linje» har kort fortalt som mål å gjere det enklare å kome i kontakt med spesialisthelsetenesta på telefon og gje den som ringer eit godt svar utan å måtte vente for lenge. 

Alle møter dei nye sjukehusbygga

Dei nesta åra er det planar om nye sjukehusbygg over heile regionen. Dei digitale løysingane som blir jobba med gjennom Alle møter-programmet blir ein viktig del av nybygga, trur Mjærum

– Dette er jo noko føretaka reknar med er på plass og tar høgde for i sine ambisjonar for å effektivisere aktiviteten i dei nye sjukehusbygga. Det gjeld Vel møtt-prosjekta, men også den graden og det kravet om nøyaktig planlegging som ein legg opp til i nybygga, med god utnytting av rom, utstyr og fasilitetar.

Blikket på neste år

Så korleis ser 2019 ut for Alle møter? Kva blir det merksemd på?

– Vel møtt-prosjekta held jo fram og blir prøvd ut fleire stader og i større skala. Det same med Open linje. Eller blir det bra trykk på arbeidet med digitale brev og skjema. Framleis får pasientar brev både i posten og digitalt, så løpet framover handlar om å berre gjere dette digitalt. Vi får ikkje alt det til i løpet av 2019, men vi vil iallfall arbeide for å legge teknisk til rette for det.

I tillegg til den tekniske sida dreier dette også seg om at alle dei som sender ut brev og skjema frå føretak også må ha kunnskapen om korleis dette skal fungerer.

– Dei skal sleppe å forhalde seg til om den enkelte pasienten vil ha det på papir eller digitalt. Her er det potensial for å spare både tid og pengar, så dette er ei teneste som er stor etterspurnad etter.

– Ein annan viktig aktivitet i 2019 blir utvikling av ei løysing for videokonsultasjon via helsenorge.no. Vi ønskjer ei hendig løysing som kan nyttast av alle pasientar og behandlarar, uansett forkunnskapar.

Gruppebilde i legefrakker foran juletre. Foto.

Den utvide programleiinga i Alle møter ønskjer alle ei god - og gjerne kvit - jul.

Julegaveønske for Alle møter

Om du skulle ønske deg ei Alle møter-gåve til jul, kva skulle det vere?

– Alle ressursane vi vil ha til dei oppgåvene som vi har identifisert, seier han med eit smil.

– Elles håpar vi kan greie å få kommunisert ut til alle pasientar, pårørande og medarbeidarar dei tenestene og tilboda vi har. Og når dei får vite om det, håpar eg at dei likar det.