Fonna: Alle møter – dette skjer i 2017

Ikkje alt er klart enno, men det kjem masse kjekt i 2017, seier Turid Norheim, prosjektleiar for «Alle møter» i Helse Fonna.

Foto. Turid Norheim
Turid Norheim er prosjektleiar for Alle møter i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna.

​Først, ein gladsak til både pasientar som ringjer til sjukehuset og for helsepersonellet.

– Telefoni er det viktigaste i 2017. Vi skal pilotere ein 1. og 2. linjeteneste som pasienten vel mellom. Slik kan vi svare pasienten så raskt som mogleg og dei slipp å bli satt over til mange. For helsepersonell vil det bety færre telefonar direkte til poliklinikk.

Men også på nett er det forandringar for både pasient og deg som helsepersonell. Det gjeld Min pasientjournal.

– Pasientane vil i 2017 få tilgang til å sjå kven som har vore inne og sett på dokument i journalen deira. Du som helsepersonell vil få meir informasjon og e-læringskurs på førehand slik at dette fungerer best mulig.

Noko meir?

– Vi jobbar også med deltiltak, for eksempel å gjere det enklare for pasienten å finne fram på sjukehuset, og gjere oss betre til å planlegge. Men det kjem vi tilbake til, seier prosjektleiar Norheim.