Informasjon om dokument som er unntatt frå visning på nett

Løysinga «Informasjon om dokument som er unntatt frå visning på nett» er ein del av Min pasientjournal, og vil gjere det mogleg for brukar å sjå om eit dokument i journalen er midlertidig unntatt frå visning på nett. Løysinga blir tilgjengeleg for brukar frå 16. oktober.

Foto. Behandler foran pc
Frå 16. oktober får pasientar informasjon om dokument som er unntatt frå visning på nett.

​Brukar vil sjå dato, avdeling og helseføretak, men ikkje kven som har unntatt dokumentet frå visning på nett. I staden for namn på dokumentet vil det stå «unntatt fra visning på nett».

Kvifor gjer vi dette?

Det kan vere fleire grunnar til at ein behandlar ønskjer å unnta eit dokument frå visning på nett. Det kan for eksempel vere om behandlar ønskjer å snakke med pasienten før pasienten les journaldokumentet sjølv, det kan vere av omsyn til pasientbehandlinga, eller av omsyn til sikkerheita til pasienten, pasienten sin familie eller tilsette.
Grunnen til at denne løysinga no blir innført er ønskje om større openheit omkring pasienten sin journal, slik at journalen på lang sikt blir mest mogleg komplett. 

Dette ser pasienten

Ved å klikke på spørsmålsteiknet bak teksten "Unntatt fra visning på nett", får pasienten opp ein generell forklaring på kva det kan bety at eit dokument er unntatt frå visning på nett, og at ho skriftleg kan be om innsyn:

informasjon om unntatte dok.png

Pasienten kan be om innsyn

Sperreårsak blir altså ikkje vist til pasient, da tenesta innsyn i pasientjournal per no berre er ei serviceteneste, og ikkje ein fullverdig journal, kor alle avslag må grunngjevast. Det er først når pasienten skriftleg har bedt om innsyn i journal, at det blir fatta eit vedtak som pasienten kan klage på.

Pasienten kan søkje om innsyn i journal, også i dei dokumenta som er unntatt frå visning på nett, ved å bruke eit eige skjema. Meir informasjon på helsenorge.no

Oppdatert e-læringskurs

E-læringskurs for pasientjournal er oppdatert med innhald om dokument, som er unntatt frå visning på nett. Ta gjerne kurset ein gong til om du treng ei oppfrisking:

Helse Vest sitt e-læringskurs om pasienttilgang til journal
Helse Vest sitt e-læringskurs om innsynslogg
DIPS e-læringskurs (bl.a. om å beslutte tilgang, relevant for innsynslogg)

Desse dokumenta blir framleis ikkje vist

  • Det vil ikkje bli vist «unntatte dokument» til foreldre med barn under 16 år. Grunnen er at informasjon om at dokument er unntatt frå visning, potensielt kan trigge aktivitet frå foreldra si side for å finne ut kva som er unntatt. Dette kan vere direkte skadeleg for barnet og vil også kunne forstyrre viktige utgreiingar og etterforskingssaker, dersom foreldra får moglegheit til å påverke barnet sitt.
  • Har pasient valt at eit dokument ikkje skal visast på nett, så visast det ikkje at det er unntatt frå visning på nett  (dette skjer ved valet «etter pasientens ønske» i DIPS).
  • Dersom journal er sperra på CAVE/Kritisk info-nivå, skal ingen dokument visast.
Innsynstype og kva som blir vist i pasienten sin journal
Innsynstype («sperreårsak»):Kva vil visast på helsenorge.no?
Nekta pasientinnsyn – «fare for liv eller alvorlig helseskade», jfr. Pbrl §5-1, 2.ledd 1.alternativ

Visast på helsenorge.no med teksten «Unntatt fra visning på nett»

I tillegg visast hendingsdato, avdeling og føretak.

Forfattar visast ikkje

Nekta pasientinnsyn – «klart utilrådelig» av omnsyn til nærståande, jfr. Pbrl §5-1, 2.ledd 2.alternativ

Visast på helsenorge.no med teksten «Unntatt fra visning på nett»

I tillegg visast hendingsdato, avdeling og føretak.

Forfattar visast ikkje

Utsatt elektronisk visning av omsyn til forsvarlig pasientbehandling

Visast på helsenorge.no med teksten «Unntatt fra visning på nett»

I tillegg visast hendingsdato, avdeling og føretak.

Forfattar visast ikkje

Utsatt elektronisk visning fordi pasient har framsett alvorlege truslar og verkar aggressiv overfor behandlar

Visast på helsenorge.no med teksten «Unntatt fra visning på nett»

I tillegg visast hendingsdato, avdeling og føretak.

Forfattar visast ikkje

Visast ikkje elektronisk etter pasienten sitt ønskeVisast ikkje på helsenorge.no

I tillegg finnes innsynstypen «Åpnet for pasientinnsyn - «rett til innsyn», jf. pasbrl § 5-1, 1.ledd»:

    • Blir nytta for å opne eit dokument som har vært sperra for innsyn
    • Dokumentet vil da bli vist på vanleg måte på helsenorge.no

Nyttige lenker med meir informasjon om innsyn i journal og tilgangslogg

Vestlandspasienten sine wiki-sider med brukardokumentasjon
Generell informasjon om digital pasientjournal på Helsenorge.no sine opne sider
Helse Vest sitt e-læringskurs om pasienttilgang til journal
Helse Vest sitt e-læringskurs om innsynslogg
DIPS e-læringskurs (bl.a. om å beslutte tilgang, relevant for innsynslogg)