Innsjekk og betaling

Prosjektet «Innsjekk og betaling» skal tilby løysingar for sjølvbetent ankomstregistrering og betaling via smarttelefon eller terminalar i inngangspartiet på sjukehusa. Ved roret sitt Edith Kalve frå Bergen.

Foto. Mobiltelefon.
Prosjektet «Innsjekk og betaling» skal tilby løysingar blant anna for sjølvbetent ankomstregistrering og betaling via smarttelefon

Foto. Edith Kalve
Helse Stavanger er pilot for løysingane, og prosjektet har ei ambisiøs målsetning om å komme i gang før sommaren 2018. «Innsjekk og betaling» er eit prosjekt under Vel møtt-paraplyen i Alle møter-programmet.

Skreddarsyr løysingar

Det er det norske selskapet Imatis, som har utvikla løysinga som skal takast i bruk i Helse Vest, men det er ikkje ein ferdig pakke som kjem på døra. Det er mykje tilpassingar og utvikling av integrasjonar som skal gjerast.

–  Løysinga vi har kjøpt er veldig fleksibel og ein kan gjere veldig mykje forskjellig. No må vi bruka tida fram til jul på å spesifisere og sei korleis løysinga skal brukast på våre sjukehus, seier Edith Kalve, regional prosjektleiar for prosjektet «Innsjekk og betaling».

Edith Kalve ser fram til å ta fatt på oppgåva med å designe løysinga for smarttelefon.

–  Ankomstregistrering og betaling frå mobiltelefon er ikkje prøvd ut av Imatis tidlegare, så dette blir nybrottsarbeid for både oss og dei, men eg veit at dette er etterspurd i sjukehusa, så eg gler meg til å ta fatt på dette, seier Kalve.

Tilbake i Helse Vest

Edith Kalve begynte å jobbe i Helse Vest IKT 1. oktober. Da hadde ho dagpendla i fire år mellom bustaden i Bergen og arbeid i ei grunderbedrift i Stavanger.

– Etter fire år med pendling var det godt å kunne sette seg på Bybanen å køyre heim når arbeidsdagen var slutt, seier Kalve.

Men Helse Vest er ikkje ein heilt ny arbeidsplass for Edith. For 7 år sidan var ho innleidd på prosjektkontoret i Helse Vest, og jobba i eitt år med innføring av Felles EPJ i føretaka.

– Ein av grunnane til at eg ønskte meg tilbake, var alle dei hyggelege og flinke folka eg møtte her, og alle dei spennande prosjekta som blir sett i gang. For nokon som er interessert i IT er det ekstra interessant. Tenk på kor utruleg mykje IT kan bidra med inn i forretningsprosessane i sjukehusa, kor mykje det kan hjelpe på logistikken. Det frigjer mykje tid, som kan brukast på betre måtar.

«Innsjekk og betaling» er eit av tre prosjekt som før utgjorde Vel møtt-prosjektet. Dei tre prosjekta er fortsatt tett knytt til kvarandre, og dei tre prosjektleiarane jobbar tett saman. Forutan Edith Kalve er det Henriette Stiegler, som leiar prosjektet «Finne fram» og Ole Jørgen Kirkeluten, som leiar «Pasientflyt og ressursar». 

Har du spørsmål om prosjektet kan du ta kontakt med Edith Kalve direkte.

Her finn du meir informasjon om Vel møtt-prosjekta og kontaktinformasjon til prosjektleiarane.

Løysingane, som no blir utvikla i Helse Stavanger skal etter kvart gjerast tilgjengelege for alle føretaka i regionen, men det vil ta tid før alt er på plass overalt.

– Desse løysingane vil avhjelpe kvardagen til dei som jobbar med pasientane. Eg trur også pasientane vil føle seg mykje betre ivaretatt. Mange pasientar ønskjer seg sjølvbeteningsløysingar, og dei som ikkje ønskjer det vil nok oppleve at dei tilsette får betre tid til dei, seier Edith Kalve.