Innsyn på helsenorge.no for ungdom mellom 12 og 16

Eit prøveprosjekt på Barne- og ungdomsklinikken i Helse Bergen skal gi ungdom mellom 12 og 16 år tilgang til sin eigen helseinformasjon på helsenorge.no. Målet er at ungdommane skal bli meir sjølvstendige i dialogen med sjukehuset, samt å gi brukarane i denne aldersgruppa anledning til sjølve å velje kva informasjonskanalar dei vil nytte.   

Foto. Jente tenker
No får ungdom mellom 12 og 16 år tilgang til informasjon på helsenorge.no som eit prøveprosjekt.

​Det er i dag ikkje mogleg å sjå personlege data på helsenorge.no. for barn og unge i aldersgruppa 12-16 år. Dette ønskjer Helse Bergen å gjere noko med, fordi ein ser at behovet for digitale løysingar for barn og unge i denne aldersgruppa er stort. Målet er at prøveprosjektet på sikt skal danne grunnlaget for ei nasjonal løysing.  Prøveprosjektet er i tråd med regjeringa sin strategi for ungdomshelse 2016–2021, kor eitt av måla er å «sikre tilgjengelige digitale tjenester av god kvalitet som er tilpasset ungdommens behov».

Ungdomsrådet i Helse Bergen har også hatt dette som satsingsområde, og har fått komme med innspel til prøveprosjektet. 

Prøveprosjekt i 2017 og 2018

Prøveprosjektet blir i første omgang eit tilbod til eit utval pasientar med diabetes og inflammatorisk tarmsykdom ved Barne- og ungdomsklinikken i Helse Bergen. I 2017 blir det fokus på dei som er 15 år og kan logge inn med Bank-ID eller Bank-ID på mobil. I 2018 vil heile aldersgruppa få tilbod, og dei som er under 15 år kan få tilbod om Buypass-ID gjennom Helse Bergen. 

Det er ungdommane som får tilgangen, ikkje foreldra

I dag har heller ikkje føresette til ungdom mellom 12 og 16 år tilgang til å sjå data til barna sine på helsenorge.no, slik dei har til barn under 12 år. Dette har å gjere med den såkalla «verjeinnsynsreservasjonsretten», som gir barn mellom 12 og 16 år moglegheit til å halde informasjon skjult for føresette, om det er gode grunnar for det. 

Det er derfor viktig å påpeike at det er ungdommane som no får tilgang til opplysningane sine på helsenorge.no, ikkje foreldra. Men det er opp til dei føresette om dei vil gi samtykke til at deira barn skal få tilgang til sine helseopplysningar.

Det vil vere opp til behandlar å velje ut dei familiane som skal få tilbod om å delta i prøveprosjektet ut i frå gitte kriterium. 

Kva får dei sjå på helsenorge.no?

  • Informasjon om framtidige timeavtalar på sjukehuset
  • Status på tilvisingar frå fastlege eller andre tilvisande instansar
  • Innkallingsbrev 
  • Oversikt over helsekontaktane sine (fastlege, kontaktlege osv.)
  • Oversikt over reseptane sine (frå november 2017)