Korleis sikrar vi god utskriving?

Kvar tiande pasient, som blir utskriven frå eit sjukehus i Helse Vest, blir lagt inn igjen innan 30 dagar. Prosjektleiar for Vel heim, Guro Ringen Rana skal finne ut kvifor det er så mange og kva vi kan gjere med det. No vil ho komme i kontakt med avdelingar som har gjort seg gode erfaringar.

Foto. Mann i stol med mobiltelefon.
Med hjelp av ein smarttelefon eller eit nettbrett kan ein ha kontakt med sjukehuset også etter utskriving. Det kan hindre re-innlegging. Foto: Colourbox.

Talet på re-innleggingar aukar

Ein re-innlegging er eit opphald eller behandling for øyeblikkelig hjelp innan 30 dagar etter ein utskriving. I følgje Helsedirektoratet har omfanget av re-innleggingar auka i heile landet i perioden 2011 til 2016, men størst er auken i Helse Vest. 

– Av pasientar som blir utskriven frå sjukehuset til eit kommunalt tilbod, blir så mange som kvar femte pasient re-innlagt her i Vest. Her må vi få på plass betre samhandling med kommunane, betre IKT-løysingar for å hjelpe eldre og sjuke i kvardagen, og nasjonal forankring, sånn at pasientar får den same behandlinga uansett kor dei bur, seier prosjektleiar Guro Ringen Rana.

Felles stammespråk

Rana er oppteken av at vi må ha eit felles språk, både internt i spesialisthelsetenesta og mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. 

 – Når ein pasient blir utskriven frå eit sjukehus til ein kommunal institusjon, må vi kunne forklare kva pasienten treng på ein måte som er forståeleg. Om vi veit at pasienten har vore gjennom ei behandling som gjer han ustø, må vi kunne klare å kommunisere at dei må vere merksame på auka fare for fall, og at dei må trygge pasienten ekstra. Viss ikkje er det større fare for at pasienten kjem tilbake til oss med lårhalsbrot eller noko anna, seier Rana.

Men problemstillinga er også aktuell internt i spesialisthelsetenesta, for eksempel i kommunikasjonen mellom ein vanleg sengepost på eitt sjukehus og ein spesialavdeling på eit anna. Brukar vi ikkje det same språket, vil vi ikkje klare å gje kvarandre presis informasjon, og det kan føre til auka re-innleggingar.

– 90-åringar har Ipad no, gje dei ein app!

Det finst mykje bra helseteknologi på marknaden, som kan brukast til å følgje opp pasientar i tida etter utskriving frå sjukehuset. For eksempel kan ein med hjelp frå ein smarttelefon eller eit nettbrett gje daglege oppdateringar til behandlar om korleis eit operasjonssår utviklar seg, og dermed kan behandlar sette inn tiltak raskt om han ser at alt ikkje er som det skal. 

Andre eksempel er at pasienten som skal gjere rehabiliteringsøvingar, ofte ikkje hugsar øvingane når dei kjem heim frå sjukehuset. 

– Kva med å legge øvingane på Youtube for eksempel, seier Rana, som legg til at sjølvsagt skal dei som ikkje er digitalt aktive få hjelp på andre måtar.

Prosjektkandidat på trappane

Vel heim-prosjektet er foreløpig berre eit forprosjekt. Målet er å utarbeide ein prosjektkandidat innan utgongen av året, og så blir det opp til porteføljestyret å bestemme om det blir eit prosjekt utav det.

Vel heim har fokus på både re-innleggingar og god utskriving. Sistnemnde er også eit innsatsområde i Program for pasientsikkerheit. 

– Mange løysingar ligg allereie i Program for pasientsikkerheit, så her må vi samarbeide og læra av kvarandre. Og så er eg sikker på at det er gjort tiltak og mindre prosjekt på desse områda rundt omkring i sjukehusa, så her må vi kartlegge alt som er gjort før, seier Rana, og ber folk ta kontakt om dei har tips.

 

Har du, eller kjenner du til nokon som har, sett i gong eit prosjekt eller eit tiltak for god utskriving eller for å hindre re-innlegging? Ta kontakt med Guri Ringen Rana i Vel heim-prosjektet.