Den elektroniske tavla har informasjon om inneliggjande pasientar i sanntid og den blir oppdatert med informasjon frå andre system. Løysinga høyrer til prosjektet «Pasientflyt og ressursar», som Ole Jørgen Kirkeluten er regional prosjektleiar for. Han kan fortelje at sjukepleiarane og legane som har testa løysinga er positive til ei touch-tavle på sengepost.
– Tilbakemeldingane frå brukargrupper som me har jobba saman med, er at tavlene kan gjere det raskare og enklare å få tilgang til informasjon.
Formålet med å dele informasjon via slike tavler, er at brukarar i større grad skal sleppe ringing og leiting etter informasjon. Når sjukepleiaren eller legen finn den informasjonen dei treng på tavla føre seg, i staden for å opne mange ulike system, kan dei bruke meir av tida si på pasienten.

Ole Jørgen Kirkeluten, regional prosjektleiar
– Det å få rask og enkel tilgang til oppdatert informasjon om kvar pasienten er, kvar pasienten skal, kven som kan bli flytta, kven som skal reise heim, kven som skal bli prioritert, kva for ein lege/sjukepleiar som er ansvarleg for kva for ein pasient og så vidare, vil vere verdifullt for mange, tilføyer Kirkeluten.
Godt i gang på Haraldsplass
På Haraldsplass tok dei løysinga i bruk i desember.
– Nesten alle sengetun har no tatt i bruk løysinga, og i tillegg har portørar og reinhaldarar tatt i bruk ein app på smarttelefonen for portør- og reinhaldsoppdrag, seier Kirkeluten.
Vegen vidare
Prosjektet fokuserer særleg på betre flyt i pasientløp på tvers av fag, avdelingar og fagsystem. I denne fasen vil ikkje pasientane oppleve at dei blir direkte påverka, men Kirkeluten fortel at bruk av løysinga likevel vil gi god støtte til arbeidet med pasienttryggleik.
– Det er tilrettelagt for at viktig og oppdatert informasjon om pasientar kan bli delte mellom brukargrupper på ein god måte. Til dømes kan registrering av auka fallfare hos ein pasient bli delt automatisk med andre støttetenester, som portørar, reinhaldarar eller matvertar. Slik unngår ein å vere avhengig av munnleg overlevering av informasjon mellom behandlar og andre som har behov for informasjonen, seier han.
Kirkeluten avsluttar med å fortelje at dei har starta å planleggje innføringa i dei øvrige føretaka i Helse Vest.
– Lærdommen frå Haraldsplass er nyttig i den vidare innføringa til dei andre helseføretaka i Helse Vest, legg han til. Arbeidet på Haraldsplass har i samarbeid med representantar for alle føretaka gitt grunnlag for ei god regional løysing som kan bli innført i alle føretak.