Min pasientjournal

Pasientar i Helse Vest, over 16 år, har tilgang til delar av sjukehusjournalen sin på nett. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 12. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får enklare og raskare tilgang til journalen, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang til journalen blir gitt gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no eller via vestlandspasienten.no.​​​​

Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen vil det bli enklare for pasientar å vere delaktige i eigen helse og eigen behandling. Det blir enklare for pasientane å bruke sin lovfesta rett til innsyn, og vi trur kommunikasjonen mellom pasient og helseteneste vil bli betre.

Stortingsmelding 9 (2012-13) Éin innbyggjar-éin journal, tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til sin journal.

Kontaktpersonar​

Nyttige lenker​​

Skriv ut​​

Nekte/åpne for pasientinnsyn (PDF)

​​

Meir informasjon​​

​​​​Opnar opp for psykiatrisk journal og pleienotat på nett​Kva får pasienten ikkje sjå på nett?​Føretak som er med på Min pasientjournal ​​Elektronisk tilgang til sjukehusjournal​


Spørsmål og svar​​ om Min pasientjournal​

Ta E-læringskurset "Pasienttilgang til journal"

​​​