Elektronisk tilgang til sjukehusjournal

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til delar av sjukehusjournalen sin på nett. For pasientar innanfor somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innanfor rus og psykisk helsevern er datoen 21. september. Det er godkjende journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og etter 12. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

​​​​Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får enklare og raskare tilgang til journalen, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Ein loggar inn på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no med bank-ID eller annan godkjent innloggings-ID.

Pasientane kan ikkje sjølv skrive i journalen, men dei vil få sjå opplysningane som står der.

Framleis arbeidsverktøy for behandlaren​

Sjukehusjournalen skal framleis vere behandlaren sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endre på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg.

​Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlaren skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der. Undersøkingane gir heller ikkje grunnlag for å frykte ein telefonstorm frå pasientar som ønskjer forklaring på kva som står i journalen.

Les bloggen «Frå synsing til kunnskap» av Eva Backer​

Innsyn for barn og ungdom​​

Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år. Når det gjeld ungdom mellom 12 og 15 år er det fleire utfordringar knyta til verjeinnsynsreservasjonsretten som må løysast før dei, og eventuelt foreldra, kan få innsyn i journalen.

Kvifor gjer vi dette?

Stortinget har bestemt at pasientane i større grad skal vere med å bestemme over sin eigen behandling. Da er det viktig at dei har tilgang til god og oppdatert informasjon om sitt sjukdomsforløp.

– Personar som har hyppig kontakt med helsetenesta har ofte behov for enkel tilgang til journalen sin, moglegheit for å følgje opp tilvisingar og prøvesvar, og enkelt gjere nye avtalar. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen, kan pasientar vere reelle samarbeidspartnarar med helsetenesta, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for prosjektet «Min pasientjournal» i Helse Vest.

– Når det er mogleg for pasientane sjølve å følgje opp saka si, betyr det auka pasienttryggleik og ein generell kvalitetsheving av tenesta. Helsetenesta på si side, kan spare tid og pengar ved å gjere kommunikasjonen med pasientane enklare og betre, seier Kirkeluten.

Erfaringar frå Helse Nord​​

​Helse Vest er ikkje først ute med denne ordninga. Vi arvar ei løysing som har vore testa ut i Helse Nord i lang tid.

10. desember 2015 fikk alle pasientar i Helse Nord digital tilgang til sin sjukehusjournal.

Les om «Min pasientjournal» i Helse Nord

Kva får pasientane sjå?​

Prosjektet er fortsatt inne i ein tidleg fase, og det er sett i gang eit arbeid med å kartlegge eventuelle utfordringar. I utgangspunktet skal alle dokument som ligg i journalen kunne visast på nett, men det fins nokre unnatak:

  • Dokument som har eit format vi ikkje kan vise. Vi viser berre dokument som er lagra i DIPS og ikkje journaldokument frå andre fagsystem (for eksempel røntgenbilde).
  • Ein god del prøvesvar kjem heller ikkje til å bli viste. Dette kan vere prøvesvar som blir scanna inn og automatisk godkjent i DIPS.
  • Dokument som ikkje er godkjent (signert) av behandlar.
  • Journalnotat som ikkje er godkjent av behandlar, fordi ho/han ventar på prøvesvar eller ønskjer å snakke med pasienten om det som står der.
  • Opplysningar som er sperra for pasientinnsyn av lege/behandlar (ny funksjon i DIPS Classic frå 20. mai 2015)

Nekte for pasientinnsyn

Som hovudregel skal alle journaldokument vere tilgjengelege for pasientane, jf. pasient- og brukarrettslova § 5-1, jf. helsepersonellova § 41, men ikkje alle dokument visast førebels på nett.

Det skal vere gode grunnar til å nekte innsyn i eit journaldokument. Dette kan vere dersom:

  • ​«det er kla​​rt utilrådeleg av omsyn til personar som står vedkommande nær»
  • ​«det er påtrengande nødvendig for å hindre fare for pasienten sitt liv eller alvorleg helseskade»

Sjå meir informasjon om nekting av dokument og andre ting på Spørsmål og svar-sida vår.

​E-læringskurs

Det er utarbeidd eit e-læringskurs om innsyn i sjukehusjournal og korleis ein nektar for innsyn. E-læringskurset "Pasienttilgang til journalen" er tilgjengeleg i Læringsportalen.