Innsynslogg

Det er mogleg for brukarar av Min pasientjournal på helsenorge.no å sjå kven som har gjort oppslag i journalen deira, utan å måtte ta kontakt med sjukehuset for å be om innsynsloggen.

Pasientar har rett til å sjå kven som har gjort oppslag i journalen deira, uansett om oppslaget er grunna i helsehjelp eller administrasjon. Tenesta heiter «Tilgangslogg» på helsenorge.no.

Det er oppslag gjort etter 1. mars 2016 (somatikk) og etter 12. september 2016 (rus/psykisk helsevern) som vil visast på nett. 

Om brukarar tek kontakt

Etter Personopplysningslova (§18)  kan paisentar krevje ei forklaring på kvifor det er gjort oppslag i journalen deira. Generelle spørsmål om tilgangslogg kan ein ta på telefon, men har dei spørsmål om eit spesifikt oppslag, må dei fylle ut eit skjema og sende til sjukehuset. 

Meir informasjon og skjema for spørsmål om innsyn i journal

Bruk riktig beslutningsmal

I det vanlege arbeidet treng ein ikkje tenkje på tilgangar og beslutningsmalar, fordi ein får tilgang til journalen til dei pasientane ein har eit pleie- eller behandlingsansvar for (Implisitt tilgang). Men nokre gonger vil det vere nødvendig å gi seg sjølv eller andre tilgang utifrå uforutsette situasjonar som oppstår (Eksplisitt tilgang). Da er det viktig at ein vel riktig beslutningsmal. Det er den som forklarar for pasienten kvifor nokon har gjort oppslag i journalen.

Les meir om beslutningsmalar i e-læringskurset "Innsynslogg".

Fritekstfeltet vil ikkje visast

Innsynsloggen som blir vist på nett, er ein såkalla enkel innsynslogg. Fritekstfeltet, kor ein kan skrive litt meir utfyllande om kvifor ein har gjort oppslag i journalen, vil ikkje visast på nett. 

Ta e-læringskurset

I e-læringskurset «Innsynslogg», som ligg i Læringsportalen, får du den informasjonen du treng om kva slags handlingar i DIPS som blir loggført, og kva som vil visast på nett.

Ta e-læringskurset no