Opnar opp for psykiatrisk journal og pleienotat på nett

I slutten av mai blei det mogleg for pasientar i Helse Vest å sjå utvalde journalnotat på nett, utan å måtte kontakte sjukehuset for å be om dei. 21. september blir fleire dokument gjort tilgjengelege, blant anna pleienotat og journaldokument frå rus og psykisk helsevern (med hendingsdato etter 12. september 2016).

– Nokre av desse dokumenta er litt meir sensitive, og det kravde litt grundigare gjennomgang av rutinar og systemløysing før vi ville gjere dei tilgjengelege på nett. Derfor utsette vi lanseringa av desse dokumenta. Vi har hatt ein god dialog med fagmiljøa heile vegen. Prosjektet har diskutert og utarbeida løysningsforslag på ein rekkje kliniske scenario som kan vere utfordrande i forbindelse med innsyn i journal på nett, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for Min pasientjournal.​

Mange vil lese journalen sin på nett

Den første månaden etter lanseringa av Min pasientjournal i mai, har over 26 000 brukarar frå Helse Vest logga seg inn på helsenorge.no og sjekka journalen sin, og nesten 30 000 dokument er blitt lasta ned så langt. 

– Det er nok litt på grunn av nyheitas interesse, men det er klart at for mange, særleg kronikararar som er mykje på sjukehuset, er dette kjempeviktig, seier Kirkeluten.

​Nytt e-læringskurs

Det vil komme eit tillegg til e-læringskurset som er spesielt retta mot medarbeidarar innanfor rus og psykisk helevern og dei som skriv pleienotat. Dette skal vere på plass 19. august.

– Ta e-læringskurset, oppmodar Kirkeluten. Der får ein innføring i korleis ein nektar for pasientinnsyn. Frå 12. september må ein ta stilling til pasientinnsyn kvar gong ein godkjenner eit journaldokument.

​Meir informasjon​

På nettsida helse-vest.no/minpasientjournal er det lagt ut mykje informasjon om Min pasientjournal. Her finst også informasjon frå andre regionar og land som har gjort pasientjournalen tilgjengeleg på nett, ei eiga side med spørsmål og svar og mykje meir. Her vil det også komme meir informasjon retta spesielt mot dei som dokumenter i DIPS innføre rus og psykisk helsevern, samt dei som skriv pleienotat.

Og får du ikkje svar på det du lurer på, ta kontakt med prosjektleiar for Alle møter i ditt føretak, så hjelper dei deg med å finne svar. Kontaktinformasjon finn du på helse-vest.no/Minpasientjournal.

​Logg inn og sjå utv​​​alde journalnotat på nett