– Det fungerte veldig greitt å skrive inn telefonnummeret og deretter få tilsendt oversikta på smarttelefonen min.
Malin Landro Angeltveit var blant dei aller første som testa karttenesta då den vart prøvd ut i to bygg på Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen i førjulstida.
Malin var med som representant frå Psoriasis- og eksemforbundet UNG og Ungdomsrådet til Helse Bergen.
Godt og trygt møte
– I stort handlar dette om å skape eit godt og trygt møte med sjukehuset for pårørande og pasientar. Med karttenesta ønskjer vi å gjøre det enklare for dei å finne vegen fram til avtalt møtestad, seier Henriette Stiegler, regional prosjektleiar for "Finne fram"-prosjektet i Helse Vest.
Karttenesta er også ein del av det omfattande arbeidet Helse Vest gjer for at pasientane skal møte til avtalt time på sjukehuset. Kvart år er det fleire tusen som ikkje gjer det, samtidig som det er mange pasientar som står på venteliste for å få komme til.
– I tillegg er det sjølvsagt også ei teneste som dei tilsette ved sjukehuset kan bruke om dei har behov, seier Stiegler.

Den nye "Finne fram"-kiosken som skal brukast i sjukehusa på Vestlandet.
Med den nye karttenesta skal ein kunne:
- på førehand finne oppmøtestaden som er opplyst om i innkallingsbrevet
- planlegge ruta frå avreisestaden til den planlagde oppmøtestaden på sjukehuset (via Google maps)
- få tilsendt ei lenke til mobiltelefonen som SMS eller som e-post, som gjer det enklare å hente fram siste aktuelle søk
- på kioskautomatane, som er plasserte på utvalde stader på sjukehuset, kan du skrive inn kva slags avdeling du skal til, og deretter få teikna opp ei rute på kart frå der du står, til avdelinga du skal til
- det er også mogeleg å skanne strekkode på automat om pasienten/brukaren har skrive ut kartet på førehand for å sleppe å skrive inn namnet på avdelinga
Malin fant fram
Tilbake til Malin. Ho tok turen frå Barne- og ungdomssjukehuset til Marie Joys’ hus på Haukeland universitetssjukehus med hjelp av den nye tenesta.
Malin fekk sendt ruta til eigen telefon og følgde vegen fram til Marie Joys’ Hus. Det var også bildesymbol av heisar, trapper og toalett som gjorde det lettare å orientere seg. Ho fekk også opp alternative ruter.
– Dette fungerte som ein god peikepinn på kvar du skal, og så kan det bli endå betre med litt meir utvikling.
Malin synest også dei nye kioskautomatane verkar som ein god idé. På automatane kan du skrive inn kva avdeling du skal til, og deretter få opp eit kart frå der du står, til avdelinga du skal til.
Spent første dagen
Phu Martin Tran er prosjektleiar for "Finne fram" i Helse Bergen. Han var spent den første dagen då tenesta blei testa av representantar for brukarane.

Brukarane som har testa den nye karttenesta.
– Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle tenesta og lyttar til alle innspel. Dei beste testarane er dei som aldri har sett løysinga, seier Tran.
– Planen vidare på kort sikt er å gjøre tenesta endå meir brukarvennleg og leggje til fleire nyttige funksjonar, seier Tran.
På fleire sjukehus utover i 2019
Tran og Stiegler ønskjer å lage ei kartteneste som blir tatt godt imot og har verdi for dei som bruker den. I botnen for å greie det ligg nokre viktige føresetnader.
– "Finne fram"-tenesta er avhengig av at underliggjande data som blir brukte for å gi informasjon om avdelingar, namn og oppmøtestader, har god kvalitet. For pasientane er det viktig at det er samsvar mellom informasjon i innkallingsbrev, SMS frå sjukehuset og skilting. Å få dette til krev godt samarbeid på tvers i helseføretaket.
Nokre dagar etter at Malin testa ut karttenesta, blei den faktisk tatt i bruk av både besøkande og tilsette ved dei to nemnde bygga på Haukeland universitetssjukehus. Etter planen skal fleire sjukehus prøve ut og ta i bruk tenesta utover i 2019.
– Først ut er Helse Stavanger. Her blir "Finne fram"-løysinga tilgjengeleg for pasientar som har time ved utvalde poliklinikkar. Deretter vil Helse Stavanger ta i bruk "Finne fram" for alle brukarar på nett. Etter dette står etter planen Helse Førde, Helse Fonna og Haraldsplass Diakonale Sykehus for tur, avsluttar Stiegler.