Ny prosjektleiar for Finne fram

Henriette Stiegler er ny regional prosjektleiar for prosjektet Finne fram, som er eit prosjekt under Vel møtt-paraplyen i Alle møter-programmet.

Foto. Skilt.
Prosjektet Finne fram skal levere løysingar for å hjelpe pasientar og pårørande å finne fram til og på sjukehuset.
Foto. Henriette Stiegler
Henriette Stiegler.
I juni i år blei det inngått avtale med det danske firmaet Systematic AS om å levere løysingar for å hjelpe pasientar og pårørande å finne fram til sjukehuset, på sjukehuset og heim igjen. Prosjektet er blitt kald «Finne fram».

Barne- og ungdomssjukehuset i Helse Bergen skal vere pilot for løysingane, og første leveranse skjer allereie våren 2018. Ved roret sitt regional prosjektleiar, Henriette Stiegler, nytilsett prosjektleiar i Helse Vest IKT.

Frå bank og olje til helse

Henriette Stiegler kom til Helse Vest IKT frå konsulentselskapet PwC, og har tidlegare vore tilsett som prosjektleiar hos DNB og i Aker Solutions. Ho har ei brei erfaring innføre bransjar som bank, forsikring og oljeindustrien.

– Prosjektleiarkompetansen vil komme til god nytte i prosjektet Finne fram, og bransjekunnskapen kjem etter kvart. Heldigvis har eg god støtte frå alle i prosjektet, som har lang erfaring frå helsesektoren.  Eg trur dei ulike bransjane har mykje å lære av kvarandre, så sånn sett kan det vere ein fordel å ha jobba innføre fleire bransjar, seier Stiegler.

Det var rykte om eit godt arbeidsmiljø, dyktige folk og mange spennande prosjekt, som lokka Henriette til Helse Vest IKT, og ho angrar ikkje:

– Eg hadde lyst til å jobbe innføre helsesektoren, med noko som mange drar nytte av. Finne fram-prosjektet er så spennande, fordi det treff sluttbrukaren direkte. Det er noko som pasientane vil merke, og som vil gjere møtet deira med sjukehuset lettare.

Ein del av noko stort

Stiegler trekk også fram organiseringa i program som ein positiv faktor.

– Det at nokon har eit overordna blikk på det vi gjer og ser det store bildet, er kjempeviktig. Ein kan fort bli veldig fokusert på sin litle brikke og da er det viktig å av og til bli minna på det store puslespillet, kor brikka høyrer til.

Finne fram-prosjektet er eit av tre prosjekt som før utgjorde Vel møtt-prosjektet. Dei tre prosjekta er fortsatt tett knytt til kvarandre, og dei tre prosjektleiarane jobbar tett saman. Forutan Henriette Stiegler er det Edith Kalve, som leiar prosjektet «Innsjekk og betaling» og Ole Jørgen Kirkeluten, som leiar «Pasientflyt og ressursar».

Har du spørsmål om Finne fram-prosjektet, kan du ta kontakt med Henriette direkte.

Løysingane, som no blir utvikla i Helse Bergen skal etter kvart gjerast tilgjengelege for alle føretaka i regionen. Med seg på laget har Henriette derfor prosjektleiarar i alle føretaka i Helse Vest og på Haraldsplass.

Her finn du meir informasjon om dei tre Vel møtt-prosjekta, og kontaktinformasjon til prosjektleiarane.