Kva får pasienten ikkje sjå på nett?

I utgangspunktet skal alle dokumenttypar visast på nett. Men det er nokre unnatak. Her finn du oversikt over dokument som førebels ikkje vil vere tilgjengelege for pasienten på nett og oversikt over dei avdelingane som førebels ikkje er med på løysinga.

Listene vil endre seg etterkvart som ein får avklart det juridiske og faglege rundt kvart dokument. Det gjeld til dømes:

  • Psykologiske testar
  • Rettspsykiatriske dokument
  • Laboratoriesvar/prøvesvar frå andre fagsystem, som blir automatisk godkjent ved import i DIPS.
  • D​iverse dokument frå psykisk helsevern barn
  • Komparentopplysningar

I tillegg er det mogleg for behandlaren ​å nekte pasienten innsyn i journaldokument jamfør Pasient- og brukarrettslova § 5-1.

Les meir om nekti​ng av innsyn i journaldokument under spørsmål og svar

Kva får pasienten ikkje sjå på nett?

  • Journaldokument frå andre fagsystem enn den eleltroniske pasientjournalen (DIPS)
  • Tidlegare versjonar av eit journaldokument
  • Journaldokument som er sletta
  • Journaldokument som pasienten spesifikt har bede om at ikkje skal visast på nett (Innsynstype: "Vises ikke elektronisk etter pasientens eget ønske")
  • Journaldokument som på som grunn av tekniske årsaker, for eksempel størrelse eller spesielle format, f.eks. blankettar, ikkje er teknisk mogle å vise.
  • Journaldokument til ein pasient som er død (har fått status "Mors" i DIPS). Selv om pasienten har gitt fullmakt til andre før sin død, vil ein etter at mors-dato er registrert ikkje lenger ha tilgang til dokumentene via helsenorge.no.
  • Journaldokument av ein bestemt type, f.eks.
    • psykologiske testar
    • rettspsykiatriske dokument
    • laboratoriesvar / prøvesvar frå andre fagsystem som blir automatisk godkjende ved import i DIPS
    • diverse dokument frå psykisk helsevern barn
    • komparentopplysningar
For utfyllande liste, sjå i denne oversikta

Lista vil kunne endre seg etter kvart.

Avdelingar som er haldn​e utanfor innsynsløysinga​

  • Avd sikkerhet (SIK-HBE), Helse Bergen HF
  • Rettspsykiatrisk avdeling (RSIK-HBE), Helse Bergen HF
  • Spesialisert behandling Valen (SPEV-HFO), Helse Fonna HF
  • Sikkerhetspsykiatri og psykosebehandling (SIKK-HFO), Helse Fonna HF (utgått avdeling)
  • Sikkerhetspsykiatri (SIKKER-HST) - Helse Stavanger HF
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.