Snart kan pasientar sjølv endre tid for sjukehustimen

20. februar 2017 startar nokre klinikkar i Helse Vest eit prøveprosjekt der pasientane får sjansen til sjølv å endre sjukehustimen dei er blitt tildelt.

Foto. Therese Dahle.
Therese Dahle, seksjonsleiar for merkantil seksjon ved klinikk for hovud-hals ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen.

​Frå starten skal prøveprosjektet «Mitt timeval» omfatte eit avgrensa tal behandlingar og klinikkar i tre av føretaka i Helse Vest, men tanken er å utvide omfanget gradvis.

Sjølvbooking blir framtida?

– Får vi dette til å fungere godt, så ser eg ikkje vekk frå at sjølvbooking på nettet i framtida blir den vanlegaste måten å booke time på alle klinikkar, seier Therese Dahle, seksjonsleiar for merkantil seksjon ved klinikk for hovud-hals ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen.

Klinikken hennar er blant dei som er med i prøveprosjektet. For å endre den tildelte timen, må pasienten logge seg inn på helsenorge.no, enten direkte eller via vestlandspasienten.no, og velje «Administrer timen» i menyen. Der vil ein få opp ein knapp som heiter «Endre tidspunkt».

– Eg håpar at «Mitt timeval» vil gjere det enklare for pasientane å endre den tildelte polikliniske timen. På nettet kan dei gjere dette når som helst på døgnet, uavhengig av opningstida i poliklinikken, seier Therese Dahle.
Nær alle som ringer vil endre time

Blant mykje anna er Therese sitt ansvar å sjå til at pasientflyten i klinikken fungerer, at operasjonskapasiteten er utnytta, at timebøkene er fulle og at det er nok legar på plass til rett tid. Ho fortel at ØNH-poliklinikken på Haukeland har stort telefonpress kvar einaste dag, og at rundt 95 prosent av alle telefonar gjeld endring av tildelt time.

– Ressursane til å svare strekk ikkje alltid til, og til tider er telefonkøane svært lange, fortel ho. -Dette medfører at vi ikkje får ytt den servicen vi ønskjer, og at vi får klager på manglande svar og mange frustrerte brukarar. Med «Mitt timeval» kan denne situasjonen bli heilt annleis!

Ho trur også at når pasientane går inn på «Mitt timeval» og ser kor fulle timebøkene er i lang tid framover, så vil truleg fleire av dei velje å halde på den tildelte timen sin. Samtidig som Dahle er positiv til mogelegheitene og intensjonane som ligg i prosjektet «Mitt timeval», ser ho også utfordringane. Ho meiner at tenesta må definerast grundig på førehand.

– Nytilviste pasientar får tildelt time innanfor frist for utgreiing og behandling. Det er viktig at pasienten ikkje får høve til å flytte denne timen til etter fristdato, og på den måten generere fristbrot, seier ho. – Eit anna døme på ting vi må passe på, er at vi finn fram til kva for timebøker som eignar seg sjølbooking. Per i dag er dette i kategorien enkle timar, og ingen kombinasjonstimar.

God informasjon, og intuitivt

For å lukkast meiner Therese at god informasjon blir eit nøkkelord, og det blir også viktig at systemet er intuitivt og lettvint, og ikkje minst: At pasienten har nokon å kontakte dersom det blir vanskeleg. Men uansett meiner ho at helsevesenet må følgje med i tida og tilby slike tenester. Mange andre aktørar har hatt denne typen tilbod i lengre tid. Det er på tide at helsevesenet prøver, sjølv om det er meir komplisert å sy saman alle ressursane som trengst til ein sjukehustime enn til eit buss-sete eller ein kinostol.

– Får vi dette til å fungere godt, så ser eg ikkje vekk frå at sjølvbooking på nettet blir den vanlegaste måten å booke time på alle klinikkar i framtida, meiner ei optimistisk Therese Dahle.

Forsiktig start, stor entusiasme

Løysinga stiller særlege krav til klinikkane si timeplanlegging, som må skje i DIPS Arena 16.1, ein versjon som etter planen går i produksjon 24. januar 2017. Funksjonaliteten «Mitt timeval» reiser altså ei rekke utfordringar for klinikkane, og det blir i første omgang berre nokre få timetypar som kan endrast ved sjølvbetjening.

Men sjølv om både prosjektstaben og klinikkane ser mange avgrensingar, er planen å jobbe vidare med å utvikle  løysinga til å kunne omfatte mange fleire timetypar og klinikkar.

– Vi startar litt forsiktig, og vil nok i starten måtte prøve oss fram litt, seier prosjektleiar Anders Øvreseth i «Mitt timeval». – Men vi gler oss til å prøve dette ut, og entusiasmen har vore stor ute i pilotklinikkane. Den hjelpa vi har fått frå pilotklinikkane har vore viktig og heilt nødvendig for oss i prosjektet. Det er også lagt ned eit stort arbeid i Helse Vest IKT for å kunne klare å få den tekniske løysinga på plass i samarbeid med leverandøren. Når dette fungerer slik det er tenkt, kan vi mellom anna spare oss mykje telefontid som i dag går med til pasientar som vil endre tid på timen.

Ved innføring av «Mitt timeval» er det viktig at klinikkane byggjer vidare på arbeidet som er gjort med avansert oppgåveplanlegging, og dei ventar mange utfordringar og justeringar før ting fell på plass. No startar opplæringa i pilotklinikkane, og den vil pågå utover i januar.