Utvida fullmaktstilbod

Helsenorge.no utvidar fullmaktstilbodet for personar med manglande samtykkekompetanse frå 12 år. Tidligare har dette berre vore tilgjengeleg frå fylte 16 år.

person holder ipad. foto.
 

​Gjennom dei digitale tenestane på helsenorge.no kan innbyggjarane få tilgang til opplysningar om si eiga helse. Dei kan også bruke tenestane på vegne av andre, anten gjennom fullmakt eller for barn under 16 år som dei har foreldreansvar for. Kva for nokre tenestar som blir vist, kjem an på kva for nokre tenestar som er tilgjengeleg gjennom fullmakt og for barn over og under 12 år. Foreldre/pårørande kan ikkje få fullmakt til tenestar barna ikkje har eller ikkje har samtykka til.

Viss ein person er openbart ute av stand til å ta vare på eigne interesser og forstå kva eit samtykke inneber, kan vedkommande mangle samtykkekompetanse. Då er det mogleg for nærmaste pårørande å få fullmakt på vegne av personen som manglar samtykkekompetanse, slik at dei kan få tilgang til tenester på helsenorge.no.

Eit etterspurt tilbod

Tidligare har dette berre vore tilgjengeleg frå fylte 16 år, og foreldre med kronisk sjuke barn frå alderen 12-16 år har dermed ikkje fått tilgang. Difor har dette vore eit ønske i sektoren lenge, og tilbodet er særleg tiltenkt foreldre/forsørgjarar med sjuke barn som ikkje er samtykkekompetente. Dette er ei gruppe som har hyppig kontakt med helsetenesta og det er viktig for dei å kunne kontakte helsetenesta digitalt på vegne av sine barn.

Fullmakt for personar med manglande samtykkekompetanse vil vere nesten tilsvarande som visninga for foreldre med barn under 12 år, men dei har i tillegg tilgang til pasientreiser og dokument. Personen som ber om ein fullmakt må vere nærmaste pårørande og over 18 år.

Les meir om fullmakt ved manglande samtykkekompetanse