Uønskt variasjon er stadfesta i ulike rapporter, blant anna frå Riksrevisjonen i 2019. Kjeldene til kunnskap er fleire, frå
Heleseatlas til ulike rapportar og registrering i system i sjukehusa.
Variasjon i bruk av helsetenester blir omtalt som uønskt dersom han ikkje kan forklarast med forskjellar i vanhelse, pasientpreferansar eller tilfeldig variasjon. Uønskt variasjon i bruk av helsetenester utfordrar prinsippet om likeverdig behandling og kan vere uttrykk for underbehandling, overbehandling eller feilbehandling.
Lik behandling for pasientane
Helseføretaka har i oppdrag å redusere variasjonen og sørgje for lik tilgang til behanding for pasientar. Dette arbeidet skal vere kunnskapsbasert og I Helse Vest går ein no systematisk gjennom data som kan avdekkje område for uønskt variasjon, i første omgang på områda radiologi og ortopedi.
Målet er å komme fram til ein god prosess og metode for ei systematisk tilnærming, å regulere kapasitet og følgje opp beste faglege praksis.
Dei første resultata av arbeidet med uønskt variasjon som del av topp fem risko i Helse Vest ligg føre våren 2023.
Fem topp risiko hovudside