Målet med arbeidet med å redusere vold og trular er å identifisere konkrete målretta tiltak for å redusere talet på uønskte hendingar knytt til vald og truslar mot medarbeidarar i spesialisthelsetenesta i Helse Vest.
Arbeidsmiljø og pasienttryggleik
Avviksystema i sjukehusa viser eit stabilt og høgt tal på hendingar som gjeld vald og truslar mot medarbeidarar. Vald og truslar er i for stor grad akseptert som del av arbeidskvardagen til mange. Haldninga til kva medarbeidarar må akseptere, må endrast med verkemiddel og tiltak som kan bidra til varige endringar.
Dette dreier seg om HMS og arbeidsmiljø, men har også openbare element av pasienttryggleik.
Felles innsats
Helseføretaka har ulik tilnærming og ulike tiltak for å redusere vald og truslar. Læring på tvers og felles kompetanse basert på ny kunnskap skal bidra til å utvikle rette verkemiddel på området. Det er venta at det er eit stort potensial for at dei samla ressursane i Helse Vest må samlast for å finne tiltak som kan redusere risiko. I dag er det ulik kunnskap frå ulike kjelder, på same tida som det er grunn til å tru at det ligg underrapportering føre av faktiske hendingar.
Arbeidet vil kartleggje nåsituasjon og identifisere tiltaksområde. Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter er sentralt i arbeidet.
Mange
spørsmål
Eit felles kunnskapsgrunnlag skal gi svar på fleire spørsmål, blant anna:
Kva kjenneteiknar risikoen for vald og truslar i sjukehusa? Er det fysisk, skjer det meir i sosiale medium, er det andre forhold vi må kjenne til?
Kor mange og kva type uønskte hendingar er rapporterte?
Kvar og når skjer dei rapporterte hendingane?
Kven er involvert i hendingane?
Spørsmåla er mange.
Analysegrunnlag kan gi ny kunnskap og opne andre problemstillingar som må vurderast. Ved hjelp av systematiske analysar kan ein utforske moglegheitene på kort og lang sikt. Dette kan vidare vere eit grunnlag for å utarbeide gode og framtidsretta strategiar for å redusere uønskte hendingar som vald og truslar mot medarbeidarar.
Første rapport i arbeidet som skal redusere vold og truslar mot medarbeidarar ligg føre våren 2023.
Fem topp risiko hovudside