Fakta for gode avgjersler

Dei to fyrste prosjektmøtene for Stord og Odda i lys av sjukehusplanen blei haldne denne veka. På agendaen sto gjennomgang av kva for fakta og datagrunnlag prosjektet treng for analysearbeidet som skal gjerast.

​​I desse fyrste møtene blei sjukehusplanen og oppgåvene til prosjektet gjennomgått og kvart sjukehus gjekk gjennom status slik det ser ut i dag. I tillegg orienterte kommunane om sine tilbod og planar. Det blei også drøfta kva grunnlag prosjektet skal innhente for å gjere dei gode analysane vidare.

– Eg er godt nøgd med møta, det var godt engasjement og mange gode innspel på kva vi treng å vite meir om for å anbefale løysingar som utviklar sjukehustenestene for framtida, og då særleg knytt til akuttkirurgi. Eg vil også seie at eg er særleg glad for engasjementet frå tillitsvalde, brukarar og kommunane som deltek i prosjektet, seier prosjektleiar Helge Bryne.

Samhandling i nettverk mellom alle sjukehusa i Helse Fonna, med kommunane og korleis ein kan utvikle dette vidare ved leiing, samarbeid og bruk av teknologi var noko av det prosjektgruppene var opptatt av og som skal drøftast vidare.

Bryne fortel at prosjektet allereie har samla noko grunnlag, og skal no arbeide meir med å hente fakta knytt til, mellom anna, aktivitet og organisering i sjukehusa, kommunanes behov for sjukehustenester, rekruttering og pasientflyt i, og ut over, føretaket.

– Godt faktagrunnlag er viktig for analysane vi skal gjere, og det er også viktig  å gjere alt materialet tilgjengeleg, slik at vi skaper god forståing for dei avgjerslene som ligg framfor oss. Fakta utgjer eit viktig grunnlag for å nå ambisjonen om å einast om anbefalingane i prosjektet.

Nasjonal helse- og sjukehusplan​ er planlagd behandla i Stortinget medio mars. Det er sett ned to møte til i Odda og to på Stord, før det skal leggjast fram ein rapport for dei administrerande direktørane og styra i Helse Vest og Helse Fonna over sommaren. Agendaen for desse møtene er

  1. analysar og vurderingar​
  2. ​konklusjon og anbefalingar

– Eg har lyst til å understreke målet og oppdraget vi har med å utvikle pasientens helseteneste. Det er mange gode argument for ulike løysingar, men kvalitet og pasienttryggleik må alltid og uansett vere det avgjerande, avsluttar Helge Bryne.