Framtida for Stord sjukehus

Etter at helse- og omsorgsminister Bent Høie la fram Nasjonal helse- og sjukehusplan 20. november har mange vore urolege for framtida til Stord sjukehus, særleg knytt til akutt kirurgi. Dei som bur i Sunnhordland skal kjenne seg trygge på at dei har eit godt sjukehustilbod.

Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest

Olav Klausen, administrerande direktør Helse Fonna

Medarbeidarane våre skal være trygge for at det er behov for dei og den kompetansen dei tilfører sjukehusa. Helse Vest og Helse Fonna vil leggje til rette for gode prosesser etter at Nasjonal helse- og sjukehusplan er vedteken. 

Sjukehusplanen skal no behandlast i Stortinget. Vi ventar på, og held oss sjølvsagt til, avgjerda der. Vi vil følgja alle pålegg vi får frå Stortinget, regjering og statsråd når det gjeld endringar i funksjonsdeling. 

I Nasjonal helse- og sjukehusplan er det, mellom anna, foreslått å sjå på akuttkirurgien ved Stord sjukehus. Planen legg opp til at vi må sjå nærare på alle forhold som kan verke inn på tenestene, både dei som allereie er ved sjukehuset og dei vi kan utvikle vidare. 

Stord sjukehus har i dag eit opptaksområde på om lag 50 000 innbyggjarar. Folketalet i Sunnhordaland veks for alle aldersgrupper. Forventa folketal i 2030 vil være over 56 000 (SSB, middels vekst). Framover vil då folketalet vekse slik at ein vil liggje tett opp til 60 000, som er ei nedre grense for akutt kirurgi i sjukehusplanen. 

Det er ei fødeavdeling på Stord sjukehus med om lag 500 fødslar årleg, der ein uansett må ha beredskap for keisarsnitt og komplikasjonar ved fødslar. Det betyr at ein må ha operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar i vakt på sjukehuset. I tillegg må den eksisterande vaktordninga for anestesilegar vidareførast. På Stord er det i dag ei ordning med generell kirurg i beredskap, ei ordning som er basert på heimevakt. Støttefunksjonar må vera på plass også framover for å sikre eit godt fødetilbod. 

For Stord sjukehus, som andre verksemder, er det behov for stadige omstillingar. Desse endringane må ein heller sjå som moglegheiter for sjukehuset enn det motsette. For å få til gode løysingar er det nødvendig med eit godt samarbeid mellom sjukehusa på Stord og i Haugesund på alle område. Dette krev godt samarbeidsklima, og evne og vilje til omstilling, både for miljøet på Stord og i Haugesund. Utgangspunktet må vera at vi skal leggje til rette for eit godt samla Helse Fonna og robuste sjukehus både på Stord og i Haugesund.

Basert på føringar i oppdragsdokumentet frå statsråden til Helse Vest, vil vi starte arbeidet så snart råd er på nyåret, med sikte på å ha ei endeleg avklaring før sommaren 2016. Vi vil leggje til rette for dialog og gode prosessar for å følgje opp den endelege vedtekne planen og utviklinga som står framføre oss. Med gode akutte tenester, trygt fødetilbod og sjukehus som gir den beste behandlinga til dei som treng det.

Dette innlegget har stått på trykk i Bergens Tidende, Haugesunds Avis, Bladet Sunnhordland og Bømlonytt.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.