Tid for konklusjonar

Denne veka var det siste møtet på Stord i prosjektet som skal kome med tilrådingar for utviklinga ved sjukehuset, i lys av den nasjonale sjukehusplanen. – No står det att å trekke konklusjonar, basert på faktagrunnlaget vi har og diskusjonane i prosjektgruppa, seier prosjektleiar Helge Bryne. 

​Gangen i det vidare er at prosjektet sluttfører arbeidet med dei endelege anbefalingane. Sjølv om den siste samlinga er avslutta held dialogen i gruppa fram til prosjektslutt. Prosjektet legg så fram rapport og anbefalingar for prosjekteigarane, dei administrerande direktørane i Helse Fonna og Helse Vest, før sommaren.

Prosjektet skal gi ei innstilling i fire punkt:​

  • Stord som akuttsjukehus
  • Sjukehus i nettverk
  • Stadleg leiing
  • Forbetringspotensial

Bryne er viss på at det vil vere einighet i prosjektgruppa om dei aller fleste punkta ein legg fram for å utvikle Stord sjukehus.

– Fyrste punktet, utviklinga av Stord som akuttsjukehus, er nok det har skapt størst debatt. Basert på grunnlaget vi har er det ikkje noko som i dag taler for anna enn ei anbefaling av å halde fram med tilbodet. Det same gjeld spørsmålet om stadleg leiing. Men eg vil understreke at dette ikkje er det same som at ein ikkje treng utvikle tilbodet for framtida. Ein må arbeide vidare med organisering og samarbeid med både andre sjukehus og kommunane. Dette vil vi også leggje vekt på i anbefalingane.

Sjukehus i nettverk​​​

Fagdirektør i Helse Fonna, Haldis Økland Lier, trakk i sitt innlegg nettopp fram dette, siste perspektivet, om korleis sjukehusa i føretaket kan skape eit enda tettare nettverk for betre samarbeid. Ho slo fast at sjukehus i nettverk, eit omgrep henta frå Nasjonal helse- og sjukehusplan, må vere utgangspunktet for arbeidet som held fram etter prosjektet.

– Eg er særs opptatt av at vi lar pasientens behov og pasientforløpet skal vere det styrande for oss. Vi må ikkje svare utfordringane vi ser framover med gårsdagens løysingar, vi må tenke nytt og bruke den kompetansen og kapasiteten vi har for å styrke tenestene og kvaliteten.

Eg ønskjer meg at vi oftare seier ‘vi’, at vi løftar blikket og snakkar om det totale tilbodet i Fonna, og ikkje kvart enkelt sjukehus for seg. Vi skal, mellom anna, ta med oss erfaringa vi har frå felles ventelister for føretaket, felles prosedyrar og arbeidet med kvalitetsforbetring og breie innsatsen.

Vil trygge det gode, lokale tilbodet

Under forbetringspunkt skal prosjektet utgreie rekrutteringsutfordringa ein møter no og framover. Prosjektgruppa var også opptatt av korleis ein kan styrke sjukehuset med god informasjon til befolkninga, fastlegar og andre for å trygge at det gode, lokale tilbodet blir brukt i større grad.