Prosjektet blir utvida til å gjelde heile verksemda ved Odda Sjukehus.
Prosjektperioden blir utvida til utgangen av desember 2016.
Prosjektgruppa blir utvida med to representantar frå Odda sjukehus og ein frå prehospitale tenester i Odda. Representasjon frå kommunane blir utvida med representantar til arbeidsgrupper.
Sekretariatet blir utvida med ein representant frå Helse Fonna HF. Ekstern konsulentbistand blir vurdert etter behov.
Prosjektet skal i det vidare arbeidet særleg fokusere på:
- Tilboda ved Odda sjukehus må vere innretta mot dei pasientgruppene som kan og bør få eit spesialisthelsetenestetilbod lokalt i Odda
- Utvida samarbeid med kommunane for å styrke tilbodet til befolkninga. Tilboda må i størst mogleg grad tilfredstille kommunehelsetenesta sine behov.
- Ytterlegare utgreiing og kartlegging av fakta som grunnlag for planlegging og dimensjonering
- Avklaring av akutt tilbodet ved Odda sjukehus
- Prehospitale tenester som del av den akuttmedisinske kjeda
Dette kjem i tillegg til mandatet slik det er å finne i prosjektdirektivet.