Utvidar prosjektet for Odda sjukehus

Prosjektgruppa sa seg einig i å utvide prosjektet for utviklinga av Odda sjukehus i lys av Nasjonal helse- og sjukehusplan på møtet tysdag. Ei utviding inneber meir tid til utgreiing og diskusjon knytt til det samla tilbodet ved sjukehuset. I tillegg vil fleire delta i arbeidet framover.

​​​​​– Vi har, i einigheit med prosjekteigarane våre, vald også å bruke hausten før vi legg fram rapport og anbefalingar for korleis Odda sjukehus kan utviklast framover, seier prosjektleiar Helge Bryne.​

– Det tyder at vi kan gjere eit meir grundig arbeid med å greie ut ulike alternativ og at vi kan involvere fleire i arbeidet. Vi har no høvet til å sjå løysingar i eit større perspektiv og heile verksemda ved Odda sjukehus under eitt. I tillegg vil vi kunne anbefale modellar for å betre samhandlinga med kommun​​ane. Denne samhandlinga er ein føresetnad for sjukehustilbodet i eit område med eit mindre befolkningsgrunnlag.

Utvida prosjektgruppe​​

Prosjektgruppa får tre nye representantar frå sjukehuset, inkludert frå det pre-hospitale området. Det blir også satt ned arbeidsgrupper, både på kommunal side og i helseføretaket.

– Det er fint at prosjektet blir utvida​, seier fagdirektør i Helse Fonna, Haldis Lier Økland. 

–  Nasjonal helse- og sjukehusplan legg sterke føringar for at sjukehusa må jobbe i nettverk og, ikkje minst, må vi i større grad la pasienten sine behov og dei gode pasientforløpa vera styrande for korleis vi utviklar tenestene. At vi kan bruke meir til på å teikne dette bildet er bra.

Så ønskjer eg meg at vi heller seier ‘vi’ og meiner alle sjukehusa i føretaket, heller enn å snakke om kvart einskilt sjukehus isolert. Skal vi styrke tilbodet til pasientane må vi samarbeide tettare, slik vi har starta med på områda for felles ventelister, felles prosedyrar og arbeidet med kvalitetsforbetring.

Skal bruke hausten til det vidare arbeidet​​​​

I tillegg til akuttfunksjonar, samarbeid og organisering skal prosjektet greie ut rekrutteringsutfordringa ein møter no og framover. Prosjektgruppa diskuterer også korleis ein kan styrke sjukehuset med god informasjon til befolkninga, fastlegar og andre for å trygge at det gode, lokale tilbodet blir brukt i større grad.

Mandatet til prosjektet blir no justert, det blir sett ned nærmare oppdrag knytt til utgreiingar og det skal settast møteplan for hausten.