Prosjektet skal føreslå løysingar som sikrar eit framtidsretta og trygt tilbod, med god fagleg kvalitet og pasienttryggleik. Samstundes skal ein sikre effektiv ressursutnytting innanfor dei økonomiske rammene som gjeld for helseføretaket. Prosjektet blir eigd i fellesskap av administrerande direktørar i Helse Vest og Helse Fonna, Herlof Nilssen og Olav Klausen.
Organiseringa av arbeidet skjer ved ei prosjektgruppe for Stord sjukehus og ei prosjektgruppe for Odda sjukehus, og begge prosjektgruppene har same mandat. I tillegg blir det oppretta arbeidsgrupper, dette er det prosjektgruppene som set ned.
Prosjektleiar er Helge Bryne. Han har bakgrunn som, mellom anna, viseadminstrerande direktør i Helse Vest og har erfaring som prosjektleiar i store regionale prosjekt dei siste åra.
– Vi skal leggje til rette for ein god prosess framover. Dei som bur i Sunnhordland og Indre Hardanger skal kjenne seg trygge på at dei har eit godt tilbod i spesialisthelsetenesta. Medarbeidarane skal være trygge på at det er behov for dei og den kompetansen dei tilfører sjukehusa. Utgangspunktet er sjukehusplanen som Stortinget skal vedta i løpet av mars, seier prosjektleiaren.
8. og 9. mars reiser han til Stord og Odda for å leie dei første møta i prosjektgruppene.
– Prosjektet er allereie i gang med arbeidet for å samle faktagrunnlag og analysere data. Så skal vi vurdere alternative løysingar og konsekvensar, før vi prioriterer og anbefaler vidare løysingar for Helse Fonna og Helse Vest, forklarar Bryne. – Målet er at prosjektet skal vere avslutta til sommaren 2016.
Nasjonal helse- og sjukehusplan er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for å skape pasientens helseteneste. Planen skal sikre trygge sjukehus og betre helsetenester, uansett kvar ein bur. Nasjonal helse- og sjukehusplan gjeld for perioden 2016-2019, men beskriv og drøftar utviklingstrekk fram mot 2040. Prosjektet for Stord og Odda vil òg sjå til planar og føringar elles, både nasjonalt og regionalt, i tillegg til arbeidet med den overordna strategien for Helse Vest fram mot 2030.