Pakkeforløp for kreft

Eit pakkeforløp er eit standard pasientforløp som skal vere likt for alle. Pakkeforløpet skal sikre rask utgreiing og oppstart av nødvendig behandling av pasienten, og hindre ventetid.

​Frå 1. januar 2015 blei pakkeforløp for kreft innført for dei fire vanlegaste kreftformene: Lunge-, bryst-, prostata- og tykk- og e​ndetarmskreft. Pakkeforløp for fleire diagnosar blei innført 1. mai og 1. september 2015 og er no del av tilbodet for alle kreftpasientane.

Kontaktinformasjon i Helse Vest​​​​​​​​​

Prosjektleiar August Bakke

telefon 932 30 485

Seniorrådgivar Gjertrud Jacobsen

telefon 415 33 813​

Kva er ein forløpskoordinator?​​

Er du tilvist til sjukehuset for ei utgreiing for ein mogleg kreftdiagnose, og skal gjennom eit Pakkeforløp for kreft? Då skal du få din eigen koordinator som ser til at du går gjennom alle undersøkingar,​​ blodprøvar, har møte med legar og anna.

​Koordinatoren skal vere din kontakt på sjukehuset så lenge du er under utgreiing. Du vil få namn og telefonnummer til koordinatoren din ved første oppmøte med sjukehuset, og koordinatoren kan svare på telefon på dagtid. Koordinatoren vil lage ein plan for dei undersøkingane du skal ta.

​Alle avdelingar og sjukehus som utgreier og behandlar kreft, skal ha forløpskoordinatorar. Koordinatorane vil bestille time for deg til diagnostiske avdelingar, poliklinikkar og liknande.

Koordinatoren vil også samarbeide med ulike avdelingar på sjukehuset. Dersom du må frå eitt sjukehus til eit anna, skal koordinatoren sørgje for å halde kontakten med ein koordinator ved det andre sjukehuset som du skal til.

I Helse Vest er det per februar 2015 kring 30 koordinatorar i sjukehusa, for dei ulike diagnosegruppene som til no har kome inn under Pakkeforløp for kreft.​​​​

Eksterne lenker pakkeforløp for kreft​​​​

Betre pasientforløp for​ kreftpasienter (helsenorge.no)​​Pasientinformasjon om pakkeforløp (PDF, helsedirektoratet.no)​Pasientforløp, diagnoserett​leiarar og meir ​informasjon (helsedirekt​oratet.no)​