Planar og
arbeidsform blei raskt endra, og manglande føreseielegheit blei handtert på ein
imponerande måte. Det har gjort at Alle Møter under pandemien har levert meir
enn forventa.
Spesielt fordi ein har klart å vere konstruktiv og finne gode løysingar,
sjølv om uføreseielegheita og dei krevjande rammeføresetnadene framleis er med
oss.
Eg følar bestemt at vi har ein kultur i Alle Møter der vi ser moglegheiter i
ei kvar utfordring, ikkje utfordringar i ein kvar moglegheit. Det er derfor vi
heile tida kan levere gode løysingar som er til nytte for føretaka og pasientane.
Vi har
alle eit felles håp om at 2021 vil ta oss tilbake til ein meir normal tilstand.
Dei fleste kjenner nok på at heimekontor og berre digital kontakt tek på i
lengda. Ein takk for tolmodet til dykk som anten har blitt nye kollegaer, og dykk
som har teke imot nye kollegaer i Alle møter i 2020. Det har vore krevjande i ei
tid med distansering og berre digitale møtearenaer. Eg ser verkeleg fram til at
vi igjen kan møtast fysisk, både for faglege og sosiale samlingar.
Det er ei
stor glede å få jobbe med ein så kompetent gjeng frå Helse Vest IKT og frå
helseføretaka. Eg sluttar aldri å bli imponert over den kunnskapen dykk viser,
og den innsatsen de dagleg legg ned.
Tusen
takk for ei fantastisk gjennomføring av eit svært krevjande år!
Ta dykk
tid til ferie og kvile, og ikkje minst til å reflektere over det gode arbeidet
som blei gjort i 2020.
Eg ønskjer
dykk alle ei god og fredelig jul. Takk for det gamle, og godt nytt år!