Grafikk: Koronavirus

Korona-kvikktesten

Sjekk deg sjølv. Må du svare JA på nokre av spørsmåla her?

​Tenk deg om før du tar avgarde, enten det er jobb eller fritid. Ta denne mini-testen og sjå om du heller bør halda deg heime.

Har du i løpet av dei siste ti dagane:

 

  1. Kome heim frå ei utanlandsreise?

    Tegning av bil
  2. Vore i nærkontakt med ein eller fleire som er stadfesta smitta med covid-19?

  3. Fått tydeleg endra smaks- eller luktesans?

    Tegning av person som har mistet smakssansen
  4. Fått feber over 38 grader, som har oppstått i dag vart lenger enn éin dag?

    Tegning av person med feber
  5. Fått ein hoste som oppstod raskt eller fått ei forverring av ein kronisk hoste?

    Tegning av person som hoster
  6. Fått to eller fleire slike symptom samstundes:

    Muskelverk, sår hals, renning frå nasa, hovudpine, kjensle av å vere sjuk?

    Tegning av person som er syk


Tegning av sjekkliste
Dersom du svarer "nei" på alle spørsmåla over: Heilt topp, ha ein fin dag!

Dersom du svarer ‘ja’ på eitt av spørsmåla over:
Tenk deg om før du tar avgarde, enten det er jobb eller fritid – og kanskje helst vurdere å bli heime, om det let seg gjere. Om du går ut blant folk: Ver ekstra nøye med å vaske hender og hald anbefalt avstand. Ta gjerne ein covid-19-test hos fastlegen eller ved eit testsenter for å undersøke om du er smitta.

Dersom du svarer ‘ja’ på fleire enn eitt spørsmål: Du bør ikkje vere ute blant folk – og du bør ta ein covid-19-test hos fastlegen eller ved eit testsenter for å undersøke om du er smitta.