Alvorleg sjuke får sin eigen kontaktlege

Frå 15. september får alvorleg sjuke pasientar sin eigen kontaktlege på sjukehuset. Ordninga skal sikre betre informasjon til pasientane og styrkje pasienttryggleiken. 

Hånd med veneflon. Foto.
Foto: Eivind Senneset

– Pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller liding som skal gjennom langvarig behandling eller oppfølging, møter i dag mange ulike legar og spesialistar. At dei no får oppnemnt sin eigen kontaktlege på sjukehuset, vil bidra til at kvaliteten og heilskapen i tilbodet blir betre.

Pasienten vil fortsatt møte fleire legar undervegs, men pasienten og dei pårørande skal føle seg trygge på at det er éin lege som har eit særleg ansvar for dei, seier Pål Iden, assisterande fagdirektør i Helse Vest.

Kontaktlegen har ansvaret for at pasienten får eit heilskapleg behandlingsløp så lenge han eller ho er innlagd, eller går til oppfølging, ved sjukehuset. Kontaktlegen skal gi informasjon til pasienten, vere tilgjengeleg for spørsmål og ha ei rolle i behandlingsteamet.

Det overordna målet er at pasientar og pårørande skal føle seg trygge og godt tekne i vare på sjukehuset. Ordninga gjeld både innanfor somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for ruslidingar.

Kven skal ha kontaktlege?​

Kontaktlegen kjem i tillegg til det ordinære behandlingsapparatet og gjeld dei sjukaste pasientane og dei som treng det mest. Ordninga er særleg aktuell for pasientar med alvorlege og uavklarte tilstandar under tverrfagleg utgreiing, eller ved tverrfagleg behandling og oppfølging.

Det blir lagt vekt på at tilstanden gir risiko for alvorleg funksjonsnedsetting, invaliditet eller tap av viktige kroppsfunksjonar. Både fysiske og psykiske følgjer av tilstanden skal leggjast vekt på.

​Du han lese heile rettleiaren​ "Kontaktlege i spesialisthelsetjensten"​ på nettstaden til Helsedirektoratet (PDF)

– Pasientar som ikkje har alvorleg sjukdom, skade eller liding og som ikkje treng behandling eller oppfølging over tid, vil i all hovudsak falle utanfor ordninga. Desse pasientane har ofte berre behov for ein enkel operasjon eller behandling og det er normalt ikkje behov for oppfølging etter utskriving meir enn eventuelt éin gong, forklarar Iden.

Det er utarbeidd ein nasjonal rettleiar for organisering av kontaktlegefunksjonen. Rettleiaren er utarbeidd i samarbeid med representantar frå Pasient- og brukaromboda, Norsk Psykologforening, Legeforeningen, Kreftforeningen, fastlegane og dei regionale helseføretaka.

​– I Helse Vest er det utarbeidd ein felles rutine, basert på rettleiaren, som skal sikre at dei pasientane som er i målgruppa for ordninga, får retten til kontaktlege oppfylt ved alle sjukehusavdelingar og poliklinikkar i regionen, seier Iden.