Avventar anbodsresultat

Nytt frå nyemetoder.no

Beslutningsforum for nye metoder ventar på resultata av anbod før dei avgjer om legemiddel til hemofili, hepatitt C og lungekreft kan takast i bruk i sjukehusa.

Sprøyte til blodprøvetaking lagt klar til bruk. Foto.
Foto: Eivind Senneset

Heile saka kan lesast på nyemetoder.no

Sju legemiddel var til vurdering i møte i Beslutningsforum for nye metoder 12. desember 2016. For seks av legemidla ønskjer Beslutningsforum resultata av anbod i regi av Legemiddelinnkjøpssamarbeidet (Sykehusinnkjøp/LIS-anbud) før dei tar ei avgjerd. For det sjuande legemiddelet skal Statens Legemiddelverk gjere ferdig ei metodevurdering.

Slik blei avgjerdene:

Hemofili A

Anbodet på koagulasjonsfaktorar blir lyst ut i løpet av januar 2017.

Hemofili B

Anbudet på koagulasjonsfaktorer blir lyst ut i løpet av januar 2017.

Lungekreft

LIS arbeider for å lyse ut PD-L1-anbodet før jul, og blir avgjort i løpet av 5-6 veker.

Kronisk hepatitt C -  genotype 1 og 4

Anbodet er lyst ut, med tilbodsfrist 5. januar 2017.

Kronisk hepatitt C -  genotype 2

Beslutningsforum for nye metoder utset vurderinga av sofosbuvir/velpatasvir (Epclusa) til behandling av kronisk hepatitt C genotype 2 til pasientar over 40 år (med cirrhose).

Dette fordi Beslutningsforum vil ta ei felles avgjerd når metodevurderinga for alle pasientar med hepatitt C genotype 3 med sofosbuvir/velpatasvir (Epclusa) er ferdig.

Saksdokument og protokoll

Saksdokument og protokoll frå møtet blir lagt i arkivet så snart som mogleg etter møtet: Møte i Beslutningsforum for nye metoder

Mediekontakt

Ønskjer media kontakt med Beslutningsforum for nye metoder, kontakt kommunikasjonsrådgivar Anne May Knudsen: