Forskingsprisane til ADHD-gen og oransje brille mot bipolar liding

Psykiatrien stakk av garde med begge dei to gjeve prisane under årets forskingskonferanse i Helse Vest. Torsdag kveld fekk Tone Elise Gjøtterud Henriksen innovasjonsprisen for sin studie som viser at bruk av oransje briller for å blokkere blått lys, gir personar med bipolar mani eit betre liv. Forskingsprisen gjekk til Jan Haavik, for si forsking på vaksne pasientar med ADHD. Forskinga har ført fram til endra behandlingsprinsipp for denne pasientgruppa etter funn av eit nytt gen.

To vinnarar står med blomar og diplom, saman med to representantar frå Helse Vest. Foto.
Frå venstre: styremedlem i Helse Vest, Tone B. Steinsvåg, vinnar av forskingsprisen, Jan Haavik, vinnar av innovasjonsprisen, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Silje Katrine Robinson

– Vi visste at det å opphalde seg i eit mørkt rom kring 14 timar i døgnet, har god effekt med rask betring for pasientar med bipolar mani. Det vi har undersøkt, er om ein oransje brille som tek bort blått lys, har same effekten som det å vere i eit mørkt rom. Mange av desse pasientane har vore innlagt lenge, og har store problem med døgnrytmen sin. Bruk av den oransje brilla, har vist seg å gi tilnærma lik effekt som mørketerapi, seier innovasjonsvinnar Tone Henriksen.

Ho fortel at for pasientar med bipolar mani, har rot i døgnrytmen. Hjernen er på ein måte i utakt med kroppen, og dette påverkar aktiviteten deira. Då ho gjorde undersøkinga, fekk halvparten av pasientane ei blank brille, og den andre halvparten ei oransje brille frå klokka seks om kvelden til klokka åtte neste morgon, sju dagar på rad. I denne perioden blei det også gjort ulike målingar, blant anna ved ein målereiskap festa på armen. Studia er gjort i Helse Fonna og Helse Stavanger.

God effekt av kombinasjon av brille og medisin

– Det er viktig å få fram at denne typen terapi kjem i tillegg til den medisinen pasienten allereie bruker. Når dette blir brukt saman, får ein veldig god effekt. Pasientane som har delteke i forskinga, har blant anna sagt at dei har opplevd at brillene har gitt dei ro, at det blei lettare å fokusere, at dei ser lysare på livet og at dei sov betre og djupare etter å ha hatt dei på, fortel Henriksen.

Innstillingskomiteen var einstemmig då dei valte å gi innovasjonsprisen til Henriksen. Det enkle er genialt, og kreativ bruk av eksisterande og billig teknologi kan føre til betydelege framsteg i pasientbehandlinga, skriv juryen blant anna. Studien Henriksen har fått prisen for, heiter «Virtuell mørketerapi (blålysblokkerende briller) som ny behandlingsmetode for bipolar mani».

Henriksen er til dagleg seksjonsoverlege ved Valen sjukehus i Helse Fonna, og spesialist i psykiatri. Ho er også stipendiat ved Universitetet i Bergen. Henriksen fekk 100 000 kroner og eit kunstverk. Pengane ønskjer ho å bruke til meir teknisk utstyr i samband med forskinga.

Les meir på helse-fonna.no

Forskingsprisvinnaren takkar pasientane

Professor og overlege Jan Haavik tok forskingsprisen for 2016. Han framhevar pasientane sine for å ville bidra i forskinga på ADHD hos vaksne.

– Vi fekk ei veldig god mottaking frå pasientane. Dei har stilt opp, kryssa på skjema og eg trur ikkje at ein einaste sa nei då dei blei spurde om å bli med på undersøkinga. Ikkje ville dei har pengar for å ta blodprøvar eller nokon ting, dei var berre glade for å kunne bidra for forskinga si skuld, både for eigen del og andre som kjem etter dei. Behovet for kunnskap på dette området er stort, seier Haavik.

Sjølv om ADHD ikkje er ein klassisk arveleg sjukdom, har Haavik og hans forskarar funne eit nytt gen som kan vere eit skritt i riktig retning for å forstå ADHD. Hos barn er ADHD omtrent 75 prosent arveleg, men no kan ein sjå at det også blant vaksne er ein stor arveleg komponent. Haavik meiner at det sannsynlegvis ikkje er mogleg å finne eitt enkelt gen for å forklare syndromet, men at det finst ein samanheng av fleire små.

– Eg kom over temaet for forskinga ved ein tilfeldigheit. Tradisjonelt hadde dette vore eit område som ein trudde helst omhandla barn. Fire bokstavar, som ein trudde ein kunne vakse av seg, berre ein blei gammal nok.

Det var då han kom i kontakt med vaksne pasientar, som meinte dei kunne vere råka av desse bokstavane, at han ønskte å finne ut meir om dette. Det var nært sagt ikkje forsking på vaksne med ADHD på det tidspunktet. Dette gjorde han nysgjerrig, og dette har ført fram til at han no fekk forskingsprisen i Helse Vest.

Tverrfagleg forsking

Komiteen som har innstilt han til prisen, heidrar blant anna at hans innsats innanfor translasjonell medisinsk forsking. Han har bygd bru mellom psykiatrimiljøet og det molekylærgenetiske forskingsmiljøet. Han har satsa på tverrfagleg tilnærming for forskinga, der biokjemi, molekylærgenetikk, psykiatri, nevrobiologi og nevrologi er samla innanfor eitt forskingsnettverk.

Resultata av forskinga gjer det mogleg med endra behandlingsprinsipp for desse pasientane. Tidleg oppdaging og behandling av ADHD-pasientar gir ein betra langtidsprognose.

– Dei som blir fanga opp før dei fyller 18, får det mykje betre som vaksne, med den rette behandlinga. Med den rette medisinen, kunnskap om korleis pasienten kan meistre kvardagen og praktisk tilrettelegging, vil desse pasientane få eit mykje betre liv.

Vinnaren høyrer til ved Kronstad DPS i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus og ved Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen. Han leier også K.G. Jebsen-senteret for forsking på nevropsykiatriske lidelser.

Forskingsprisen er på 200 000 kroner og eit kunstverk.

Les meir på helse-bergen.no