Helse Vest har Noregs første portør med fagbrev

Leif Moen er landets første fagarbeidar i portørfaget. Tysdag 7. juni 2016 tok han tidenes aller første fagbrev som portør ved Stavanger universitetssjukehus.

Tre menn, han i midten har hvite klær, smiler. Foto.
Helse Vest og Stavanger universitetssjukehus er stolte av å ha landets første portør med fagbrev.  – Leif Moen (i midten). Her er han saman med sensorane Stian Sørensen (venstre), leiar av prøvenemnda, og Jens Ove Hovda, medlem av prøvenemnda.

– Dette er veldig kjekt. Det betyr utruleg mykje for meg, men også for portørfaget. No vil eg leggje tilhøva til rette for dei som kjem etter meg, seier Leif Moen.​

Moen har vore drivkraft for å få på plass ei eiga fagopplæring for portørar, og i går bestod han altså den avsluttande prøven.

– Det er med stor glede eg kan fortelje at tysdag blei tidenes første fagarbeidar i portørfaget uteksaminert ved Stavanger universitetssjukehus, seier Jan Åge Moen, servicesjef ved Intern service ved sjukehuset.

Portørfaget med eiga fagutdanning​

På den praktiske fagprøven fekk Leif Moen fem ulike «cases» som skulle løysast: Brannvern og slukking, handtering av gass, handtering av avfall, hjarte- og lungeredning på den kritiske pasienten og til slutt den medisinske pasienten. I tillegg blei Moen vurdert på 18 ulike portøroppdrag på jobb.

​For litt over eitt år sidan blei portørfaget endeleg vedteke som ei eiga fagutdanning, og no tek fleire portørar frå heile landet for første gang fagbrev ved hjelp av eit pilotkurs på Stavanger universitetssjukehus saman med Helse Bergen og St. Olavs hospital i Trondheim.

Fleire i gang med portørutdanninga​

Gjennom 15 dagar i 2015 og 2016 har vaksne portørar med meir enn fem års praksis vore samla på kurs i Stavanger. Samlingane ble avslutta med at 49 kandidatar gjekk opp til den skriftlege prøven i portørfaget i byrjinga av juni.

Kurset skal evaluerast og vidareutviklast. Målet er til slutt å få til eit nasjonalt kurskonsept som kan arrangerast for portørar over heile landet.

Leif Moen under brannverntesten tirsdag. Foto: privat.

Kvar jobbar ein portør​​?

Du kan jobbe på offentlege og private sjukehus, pleieheim og andre behandlingsinstitusjonar.

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.

Ein portør transporterer pasientar og utstyr innanfor eit sjukehus, ein sjukeheim eller andre institusjonar. 

Kva gjer ein portør?​

  • transportere pasientar på ein sikker og omsorgsfull måte
  • bringe pasientar til og fra behandling inne på institusjonen
  • transportere matvogner, inventar, medisinar, prøvar, journalar og annan intern post mellom avdelingane
  • hjelpe til med å løfte pasientar som treng dette
  • ansvar for å frakte døde personar til institusjonens kapell
  • hjelpe til med å gipse beinbrot
  • vere ein del av traumeteamet på akuttmottak
  • gjere kontorarbeid og gi oppdrag til andre portørar
  • hjelpe operasjonssjukepleiarar ved større operasjonar
  • transportere varer frå sykehus til andre klinikkar
  • ta imot varer og ha ansvaret for lageret
  • behandle medikament og medisinteknisk utstyr
  • transportere prøvar og blodprodukt
  • utføre førstehjelp, betjene hjertestartar og følgje rutinar for varsling
  • ta imot legehelikopter og transportere pasientane frå landingsplass til akuttmottak
  • hjelpe til ved utagerande og urolige pasientar

Portøren kan i nokre tilfelle ha noko administrativt ansvar, som for eksempel å administrere portøroppdrag, svare på telefon, ta imot varer og sortere post.

Arbeidet kan vere fysisk krevjande og innebærer mykje gåing. Du arbeider i nær kontakt med både pasientar og helsepersonell, og kommunikasjon med andre menneske er derfor ein sentral del av jobben.​

Kjelde: utdanning.no