Kven fortener Kvalitetsprisen 2017?

Helse Vest inviterer leiarar og medarbeidarar i helseføretak/sjukehus til å fremje kandidatar til prisen for framifrå kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid. Frist for å fremje kandidatar er 15. februar 2017.

Illustrasjon Tegnehanne
 

Kvalitetsprisen blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest som gjennom forskings- og utviklingsarbeidet sitt har auka kvaliteten eller pasienttryggleiken i tenestetilbodet.

Pasienttryggleiksprisen 2016 gjekk til Miriam Hartveit ved Valen sjukehus i Helse Fonna, og Christian Beisland og nyrekreftmiljøet i og rundt avdeling for urologi ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen.

Kven bør få prisen i år?

Dei nominerte må vere knytte til helseføretaka i Helse Vest eller til verksemdene som har avtale med Helse Vest RHF. Arbeidet bør fortrinnsvis støtte opp under Program for pasienttryggleik i Helse Vest eller omhandle implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak. Resultata skal vere dokumenterte og eventuepubliserte i fagtidsskrift eller vitskapeleg tidsskrift.

Prisen vil bli delt ut under Helse Vest sin Kvalitetskonferanse på Scandic Sunnfjord Hotel og Spa i Førde 29. – 30. mars 2017. Prisen er på kr 100 000 og eit kunstverk. Pengane skal nyttast til vidare arbeid på området eller til kompetansehevande tiltak innanfor pasienttryggleik og kvalitetsforbetring, eller til å stimulere til dette. Om prisen blir delt ut til enkeltpersonar, vil han bli lønnsinnberetta.

Helse Vest tek imot grunngjevne og kortfattaforslag (maksimalt 2 sider), samt ein beskriving av kandidaten/kandidatane. Forslaga som kjem inn, vil bli behandla konfidensielt av ein komité av medlemmer frå institusjonar utanfor Helse Vest. Dersom forslaget byggjer på spesifikke artiklar og omtalar, skal desse leggjast ved eller på anna vis gjerast tilgjengelege for priskomiteen.

Søknad skal også sendast elektronisk til postmottak: post@helse-vest.no. Merk e-posten "Kvalitetsprisen 2017".