Nasjonal dugnad for auka kunnskap om hjerneslag

Fredag 28. oktober lanserer Helsedirektoratet ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Kampanjen er utvikla saman med blant andre Helse Vest, brukarorganisasjonane og sentrale fagmiljø.

Bilde av eldre mann som holder armene opp og smiler. Teksten PRATE SMILE LØFTE står på bildet. Hjerneslagkampanje.
 

Målet med kampanjen er at fleire får behandling i tide og overlever med god livskvalitet. Kunnskapen om symptom på hjerneslag skal byggast opp og terskelen for å ringje 113 ved mistanke om hjerneslag skal senkast.

Hovudbodskapane er enkle og konkrete:

  • Er det plutseleg vanskeleg å prate, smile eller løfte armane kan det vere hjerneslag.
  • Ring 113, kvart sekund tel.

Kampanjen vil bestå av fleire element, deriblant ein reklamefilm på TV som vil gå i 2-3 veker etter kampanjestart. Andre kampanjeelement vil vere aktive ut året.

For å få mest mogleg ut av det nasjonale løftet treng vi di hjelp. Vi håper du kan bidra med å spreie bodskapen i kampanjeperioden.

Med god informasjon kan vi gjøre en forskjell. Kjenner du til symptoma, kan du redde liv.