Nye avtalar for radiologiske tenester

Curato og Unilabs er valde som leverandørar av radiologiske tenester i Helse Vest. Dette kjem i tillegg til tilbodet som finst i sjukehusa i regionen. Dei nye avtalane gjeld frå 1. september 2016 og har ei årleg ramme på i alt 116 millionar kroner. 

Røntgenbilde. Foto.
Foto: Colourbox

Helse Vest kjøper radiologiske tenester frå private aktørar for å ivareta tilbodet til pasientane i dei tettast befolka områda i regionen. Tilbodet kjem i tillegg til det som finst på kvart av sjukehusa på Vestlandet. Dei to leverandørane blei valde gjennom ein open anbodskonkurranse hausten 2015.

Fleire val for pasientane​​

I Bergen og Stavanger er det Unilabs røntgen og Curato Røntgen som deler volumet  seg i mellom. Det betyr at ein som pasient har fleire leverandører å velje mellom. I Haugesund har Unilabs røntgen fått heile volumet.

Fordelinga er slik:

Bergen​

​Unilabs Røntgen
Småstrandgaten 3
5014 Bergen
Telefon: 08808

Volum: 60 %

Curato Røntgen*
Kaigt. 5
Bergen Storsenter 5. etasje
5015 Bergen
Telefon: 02343

Volum: 40 %

​Haugesund

Unilabs Røntgen
Skippergata 14
5527 Haugesund
Telefon: 08808

Volum: 100 %

​​Stavanger

​Curato Røntgen*
Børehaugen 1, DSD-bygget, 1. et.
4006 Stavanger
Telefon: 02343

Volum: 60 %

Unilabs Røntgen Sandnes
Larsamyrå 18
4313 Sandnes
Telefon: 08808

Volum: 40 %

*Frå 1. oktober skifter Curato Røntgen navn til Aleris Røntgen

Innhaldet i avtalen​

Avtalen omfattar CT, MR, røntgen og ultralyd alle stader. Likt som sist, gjeld ikkje avtalen for mammografi.

​​Vel behandlingsstad​

På helsenorge.no kan du finne informasjon om ventetider på røntgen i heile landet, også hos dei private tilbydarane av røntgentenester:

Vel behandlingsstad