Nye laboratorietenester i Helse Vest

Helse Vest RHF sørgjer for laboratorietenester i regionen. Det vil seie at fastlegar, avtalespesialistar og tannlegar kan sende prøvane sine til sjukehusa sine laboratorium i det føretaket dei høyrer til. I tillegg blir det inngått avtalar med private aktørar for å sikre nok kapasitet.

Røde prøveglass oppå hverandre. Foto.
Foto: Eivind Senneset

​Frå og med 1. september 2016 gjeld følgjande innanfor patologi:

Det er inngått avtale med Fürst medisinske laboratorium. Avtalen gjeld rekvirentar i  heile regionen. Avtalen omfattar ikkje cervixcytologi. Desse prøvane skal sendast lokalt helseføretak som tidlegare.

Frå og med 1. oktober 2016 gjeld følgjande innanfor mikrobiologi og medisinsk biokjemi:

Det er inngått avtalar med Fürst medisinske laboratorium. Avtalane gjeld berre i Helse Stavanger sitt opptaksområde.

Rekvirentar i opptaksområda til Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde skal bruke lokalt helseføretak. I Bergen kan Haraldsplass og Hospitalet Betanien brukast for medisinsk biokjemi, som før.

For kontaktinformasjon og andre spørsmål kan rekvirentar ta kontakt med sitt lokale helseføretak.

Les meir om bildediagnostikk og laboratorietenester​

Røntgen og laboratorium - private avtalar​