Jorunn Ringstad har vore medlem av føretaksstyret i Helse Førde i ti år og styreleiar sidan 2012.
– Ringstad har bidrege med solid bakgrunn og erfaring i den gode utviklinga vi har sett i føretaket desse åra, og vi set stor pris på innsatsen ho har lagt ned. Når ho no ber om å bli friteke frå vervet, respekterer vi sjølvsagt det, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.
Nestleiar i styret, Agnes Landstad, vil vere fungerande styreleiar i Helse Førde inntil ny styreleiar blir oppnemnd av Helse Vest.